The West Highland Way

Mange mil og lange smil på veg mot det skotske høglandet:  

Om to glade vandrarar på veg frå A til B i Skottland, mens dei samtalar om litteratur, politikk, musikk, religion, biletkunst, filosofi, fotball (skotsk landslagsfotball etter Archie Gemmill), landbruk, den regnfulle sommaren som var -og vår vestlege sivilisasjon sine komande problem sett i lys av desse tinga.

RIMG4836red

For nokre år sidan var det tur til Ben Nevis, Storbritanias høgaste fjell, som ligg aust av byen Fort William på den vestre sida av Skottland.  Turen opp og ned dei 1345høgdemetrane blei gjort på ein føremiddag, og var nå flott den, sjølv om me, som dei fleste andre, blei innramma i skodde på toppen, ei skodde som ligg der 355 dagar i året, blir det sagt.

Etter at me var komne ned, ville me nå ha ein suvenir frå turen, og det mest originale me kom på var ei t-skjorte.  Me blei tilrådd ein butikk eit stykke bort i gågata, for denslags. Oppe i andre høgda hang dei; fine som berre det, i ulike fargar og med ulike motiv; “I climbed Ben Nevis”.  Ja, ja, climbed og climbed, tenkte me i våre stille sinn.  Mens me leita fram rett størrelse, fall augo på t-skjortene som hang på naboreolen:  ” I Walked the West Highland Way”, med eit kart som starta langt nede på magen og enda opp mot høgre skuldra.  Glasgow, Loch Lomond, Crianlarich, Tyndrum, Bridge of Orchy, Kingshouse, Kinlochleven, Fort William…Kva var dette?

RIMG4876red

 

The West Highland Way blei offisielt opna i 1980.  Startpunktet er i Milngavie  ( dette skal du uttala Mullguy med trykk på guy) i utkanten av Glasgow, og mål er Gordon Square, som ligg midt i gågata i Fort William.  Distansen er 154 kilometer.  Det blir sagt at omlag 80 000 personar går heile eller deler av ruta i løpet av eit år.

RIMG4794red

Tre år etter Ben Nevis var det då endeleg klart for West Highland Way, og førebuinga til turen var veldig grei;  Eit google-søk gir omlag 9 millionar treff, og youtube hentar fram 142 000.   Det meste er dekka og informert om, og i guideboka som er med på turen er detaljane spikra meter for meter:  “etter den 5 meter lange trebrua går stien mot nord 10 meter før den svingar mot aust like bak den store eika”.

 

Då me startar er det ei veke uti oktober og utanom sesongen.  Dette gir oss mindre dagslys, meir ledig plass, mindre mygg og meir risiko for dårleg vèr.  Me har planlagt dagsetappar på omlag 30 kilometer, og klarer me det vil me trenge 5 dagar til Fort William.  Då er det ein reservedag lagt inn før me må vera på flyet heim.

Dag 1

Me er som skotne utav Milngavie før dagslyset, og ein full Scottish breakfast frå Premier Inn-hotellet ligg i magen og ballanserar vekta frå sekken på ryggen.  Snart har me sol og blå himmel over oss og ein slak og lettgått sti under oss.  Det er derfor me er tilrådd å gå Glasgow-Fort William, og ikkje omvendt;  me får ein roleg start på turen, og me har sola i nakken. Snart er me i Drymen. Me har gått 20 kilometer, ligg føre skjema, og det er tid for pause.

RIMG4795red

Det er ikkje så langt etter Drymen at ein melodi begynner å kverna rundt under hjernebarken. Ein alternativ skotsk nasjonalsong som du kanskje kjenner best i Runrig sin versjon:

By yon bonnie banks and by yon bonnie braes,
Where the sun shines bright on Loch Lomond.
Where me and my true love will never meet again
On the bonnie, bonnie banks o’ Loch Lomond.
O ye’ll tak’ the high road and I’ll tak’ the low
road,
An’ I’ll be in Scotland afore ye;
For me and me true love will never meet again
On the bonnie, bonnie banks o’ Loch Lomond.

Bilde 06.10.2017, 15 14 17

Av (over)naturlege grunnar er Loch Lomond komen i skyggen av Loch Ness når det gjeld innsjøar i Skottland.  Akkurat det er litt ugreitt.  Loch Lomond er 39 kilometer lang, den dekker eit areal på 71 kvadratkilometer, og den inneheld omlag 2.6 kubikkkilometer med vatn.  Den er Storbritanias største innsjø.  Liggande så nær storbyane Glasgow og Edinburg er den eit elska og ynda rekreasjonsområde for mange, og den har ein spesiell plass i skotsk historie, kultur og folklore.  Treff du ein skotte og har lyst å gjera han litt sentimental, stolt, melankolsk og glad på ein gong, så skal du seie “Loch Lomond”.  Det er alt som skal til.

RIMG4801red

Ein kan kjenne på det når ein nærmar seg Balmaha.  Hjarta slår litt fortare.  Smilet blir litt breiare.  Humøret stig nokre hakk.  Den delen av hjernen som samlar på gode opplevingar seier takk. Ein svær innsjø breiar seg seg meir og meir ut framføre oss.  Loch Lomond. Her er den.  Endeleg.

Bilde 06.10.2017, 14 55 37 (1)

Loch Ness-monsteret kan gå og legga seg.

Me blir så oppmuntra av Loch Lomond at me lett tek nokre ekstra kilometrar.  Det betyr stopp i Millarochybukta.  Telta skal opp.  Kveldsmørket sig ned.  Til natta har dei meldt regn.

RIMG4807red

Dag 2

Ein heil dag skulder ved skulder med Loch Lomond:  Cashel, Rowardennan, under Ben Lomond (974 moh), Inversnaid og opp til nordre enden og Ardleish.

RIMG4811red

Me betaler for solskinnet første dag med ein våt og sur start på dag to.  Telta tørka heller ikkje  heilt, så eindel av regnet som kom i løpet av natta er i sekken som ekstra ballast.

RIMG4815red

På ungdomsherberget i Rowardennan provianterar me litt sjokolade som ekstra bensin for det lange strekket vidare til Inversnaid, og det er der, på ei oppslagtavle på sida av kioskluka, at nokon utan meir forklaring har hengd opp eit av versa til Bert Jansch sin fantastiske song “Caledonia”:

 

Last night as I lay sleeping, a dream it came to me
I thought I heard a piper play the sweetest melody
People gathered round a-dancing and singing so merrily
They’re all singing and dancing, Caledonia ever free
Singing and dancing, Caledonia ever free
From the busy heart of Glasgow to Lochranza by the sea
O’re the water to Kintyre, the pretties pace you’ll ever see
To the pubs and bars of Oban, they’re all proud of their old country
They’re all singing and dancing, Caledonia ever free
I romartida blei den nordlege delen av Storbritania, altså Skottland, heitande Caledonia, og songen til Bert Jansch er den flottaste hyllesten til eit land som du kan tenkja deg.  Den kan også bli tatt til inntekt for kampen for skotsk sjølvstende, og me treff mange langs vegen som har mykje å seie om dette.

RIMG4823red

Til nå har eg hatt overtaket på ryggsekken.  Mellom Rowcoish og Inversnaid jamnar dette seg ut og gradvis utover dagen endrar det seg i favør sekken.  Skottane har hatt ein like våt og regnfull sommar som oss.  Myrane og sørpehola ligg lett. Sekken og tyngdekrafta slår seg saman og har ein tydeleg plan om å få meg ned i sørpa.  Loch Lomond er ein lang innsjø, sa eg det?

Inversnaid hotel er gamalt, slitt og litt stasleg.  Me får bruka ei av stovene til tørkerom, og i restauranten serverar dei fish & chips.  Me er våte, skitne, trøtte og ser kanskje litt sure ut.  Ikkje luktar me godt heller, men det er vandrarane langs West Highland Way som held hoteldrifta gåande. Det veit me, og det veit dei.  Og i oktober er det ikkje så mange av oss.

RIMG4826red

Etter ein time og ein halv blir det varsamt ytra noko om vegen vidare.  Det er tid for å få på munduren og koma i gong.  Det er ei snau mil att av Loch Lomond.

RIMG4817red

Ved Ardleish står det ei flagstong nede ved vatnet.  Dersom du vil ha båtskyss over Loch Lomond, kanskje til hotellet på andre sida, kan du heisa ei raud blåse opp i toppen av stonga og venta på båten.

ferje

Ettermiddagen går mot kveld, og me går mot Beinglass campsite.  Dette har vore ein dagsetappe for ekta mannfolk.  Når me kjem til resepsjonen, som også er ein pub, er straumen gått.  Me klarer likevel å lesa eit stort skilt inne ved disken som seier at kva me enn gjer, så ikkje ta av fjellskoa.  Me har ei aning om kvifor.  Me set opp telta på ei mark som er så våt og vasstrukken at me like godt kunne kalla den for myr.

RIMG4829red

RIMG4830red

 

Dag 3

Denne etappen skal ta oss frå låglandet til høglandet, frå nordre enden av Loch Lomond til inngongsporten til Rannock Moor; Bridge of Orchy.

RIMG4841red

Me kryssar snart A82, bilvegen frå Glasgow til Fort William, og følger ein traktorveg som går parallelt med motorvegen til me kjem inn på ein sti som tek oss forbi Crianlarich og vidare gjennom kilometrar med lauvskog opp mot Tyndrum.  Dette er eit av hovudområda for skotsk landbruk.  Me takkar grunneigarar med å snakka fint til bølingane av storfe som me passerar, og når me når Tyndrum Inn er me like skitne og like velkomne som me var ved lønsjtider dagen før.

Ettermiddagsetappen følgjer A82 og jernbanelinja mykje av tida.  Landskapet byrjar endra seg.  Fjella blir høgare.  Me går under Ben Odar og Ben Dorain med toppar som  ligg rundt 1000 høgdemetrar over havet.  Når me ser Loch Tulla og Bridge of Orchy er me i highlands, og det er absolutt heilt greitt.  Og trur du ikkje det er ledige rom på hotellet!

Dag 4

Full scottish breakfast samanlikna med noko i ein pose der det er tømt oppi kokande vatn frå primusen?  Litt tungt å koma i gong er svaret på det spørsmålet, men snart skiljer me lag med A82 og Scottish Rail.  Me er overlatt til oss sjølv til me når Kingshouse.

RIMG4866red

Det er fire foretak som livnærar seg på å frakta baggasjen til West Highland Way-vandrarar.  Det er “Travel-Lite” med slagordet ” we carry the load-you enjoy the road”, “Go Haggis”, “Ginger Routes” og “AMS”.  Me let oss frista, og 14 pund fattigare, men 30 kilo lettare føler me oss plutseleg som hjelparen til Espen Askeladd som drog til verdas ende for å henta vatn.

RIMG4869red

Me passerar Inveroran Hotel, går over Victoria Bridge, og då ligg Rannoch Moor  føre oss og viser seg i sine flottaste haustfargar.  Med farten me nå held blir avstanden til Kingshouse for kort til å kunne kallast ein dagsetappe.  Kinlochleven blir målet, og det betyr at me skal opp “Devils Staircase” i dag og ikkje i morgon.

RIMG4878red

Om denne stigninga skremer eller lokkar er nå litt opp til deg.  Har du t.d. brukt 20 år på å gå opp og ned toppar på vestlandet skal du vita at “Devils Staircase” ikkje er rare greiene.  Men tøft namn er det, det skal dei ha.

RIMG4889red

I Kinlochleven produserte dei aluminium.  Skottland sitt Høyanger, kan me vel seia.  Energien til dette fekk dei frå rennande vatn.  Ned frå Blackwater dam.  Ein gong var det 700 ansatte i aluminiumsindustrien her.  Likevel blei produksjonen for liten og prisane for høge.  I 1996 var det slutt.  I dag er det litt produksjon til det nasjonale straumnettet.

RIMG4888red

Når me kjem ned til byen er Blackwater Youth Hostel det første me treff på.  Og deretter eit museum; “The Aluminium Story”.  Me treng ein stad å sova.  Det blir “The Tailrace Inn”.  Her har dei merkelege dusjar; brukte 5 minutt på å finna ut korleis ein skulle skru den av, men det ordna seg nå til slutt.

RIMG4892red

Dag 5

På vegen ut av Kinlochleven får me gode tips om korleis me kan gjera hagen fin.

RIMG4894red

Etterpå skal me opp i høgda att for strekket inn mot Fort William.

RIMG4898red

RIMG4897red

Dette er siste etappe, og dette er den kortaste.  Akkurat slik det skal vera.  Plakatar langs stien fortel om området si meir blodige historie, og snart har me Ben Nevis føre oss, igjen med toppen innpakka i skodde.

RIMG4901red

Me følgjer dalen Glen Nevis forbi campingplassen og innover mot sentrum.

RIMG4912red

Mot eit skilt som seier: The end of the West Highland Way.

 

Advertisements

Kortreist tur; Grytenuten

Du har ikkje sett Ryfylke før du har vore på Grytenuten.  Slik er nå det.

RIMG4551red1a

Grytenuten er ein fjelltopp som strekkjer seg 862 meter over havet.  Den ligg i Suldal kommune i Rogaland i den regionen som gjerne blir kalla Ryfylke.

Mellom Marvik og Hebnes på Ropeidhalvøya ligg det ein bortgøymt og idyllisk liten stad som heiter Vatlandsvåg.  Skal du til Grytenuten går du herifrå.  Du bør rekna 3-4 timar opp -og distansen skal vera målt til omlag 5km.

RIMG4570red1a

Frå Sandsfjord bru via Marvikjuvet ser me etter kvart det svære fjellmassivet som Grytenuten skal vera toppen av.  Det ser høgt ut, og det ser bratt ut, og første tanken som dukkar opp er at det vil vera ugreitt om stien går opp der.

Men det gjer den.  Det finn me snart ut.

Bilen kan lett parkerast på sida av grendahuset i Kjølvik, like bortanfor Vatlandsvåg.  Herifrå er vegen til toppen skilta og første delen går på ein grusveg der det ikkje er lenge før første grinda.

RIMG4518red1a

Vegen slyngar seg vidare oppover, forbi eit lite steinbrot, og ikkje lenge etter at me for alvor har begynt å lika utsikta som syner seg mellom trea, svingar ruta vår av frå traktorvegen, og me følgjer ein godt merka sti vidare mot toppen.  Denne første delen av stien er den hardaste delen av løypa, og du møter slik anslagsvis ein kilometer med bratt oppover.  Dette er staden for å legga att sveitte.  Mange stader vil du finna at turen til Grytenuten er skildra som krevjande.  Då er det denne delen av løypa dei tenkjer på.

RIMG4528red1a

Men, når du er blitt skikkeleg varm og er blitt skikkeleg tørst og har drukke tom vassflaska i tursekken, då dukkar Krokavatnet opp med heile sin idyll. Kvifor det har fått namnet sitt skal du få finna ut sjølv, men du skal vita at vatnet ligg på 560 høgdemetrar og fortel forbipasserande at dei tyngste stega nå er gjort og at du i tidsbruk er omlag halvvegs.  Skal det vera ein matpause og ein liten kvil, kan det like godt skje her.

RIMG4533red1a

Resten av turen til toppen er kos.  Stien går over nokre myrar, men held seg mest på berg, og merkinga er så bra at det aldri er nokon som helst tvil om kor ein skal gå.  Utsikta blir betre og betre, og når me passerar Nutatjørna og tek siste stega opp mot varden, og dette 360 graders panoramaet opnar seg i all si prakt, tenkjer ein at dette går det ikkje å fortelja om.  Dette må opplevast.

RIMG4548red1a

Du har ikkje sett Ryfylke før du har vore på Grytenuten.

Utsikta er ikkje det einaste som er spesielt på denne kanten av Ryfylke.  Nedunder fjellet mot Vatlandsvågen ligg Grytevatnet, kalla “Grytå” av dei lokale.  Innover på vestsida av “grytå” veks trea opp-ned.  Så er nå det òg sagt.

RIMG4564red1a

 

Dersom du vil prøva deg på ein alternativ nedtur kan du halda deg litt lenger nord enn den merka løypa frå Krokavatnet.  Då følgjer du ein anleggsveg ned til  eit minikraftverk og deretter ein traktorveg ned til Grytevatnet.  Ovanfor minikraftverket heng det eit lite skilt der du blir anmoda om å vera med å auka straumproduksjonen.

RIMG4562red1a

Kortreist tur; Dagen rundt Øvre Tysdalsvatnet

Øvre Tysdalsvatnet ligg i det området som gjerne blir kalla Ryfylke.  Då snakkar me om Rogaland, og kommunen heiter Hjelmeland.  Øvre Tysdalsvatnet er om lag 12 kilometer langt og på det breiaste måler me 1 kilometer.

øvre tysdalsvatnet1

Vest av vatnet ligg Valheim og i nordaustre enden ligg Trodlatysdal.  Utanom i endane er vatnet ramma inn av stupande fjell  og høgast av dei er Keipen som ligg opp søraust av Trodlatysdal og strekk seg mot 900 moh.

Andre toppar rundt vatnet er Nonsfjellet (832m) Mulafjellet (782 m), Harahaugen (756m) og Tverrgjøvle (692m).

Fjella stuper bratt ned i vatnet og gjer det umuleg å ta seg fram langs vasskanten.  For å komme rundt er det ikkje anna råd enn å ta seg ein omveg her og der.

Men som han sa, diktaren:  Det er omvegane og sidespora som gjer livet rikare.

Frå heimbygda mi, Årdal, viser kartet ein naturleg inngong til rundturen på nordsida av vatnet gjennom Bønardalen. Her kan ein følgje ein grusveg dei første kilometrane og etterkvart ein god sti inn langs Kaldavatnet mot Saupstølsheia.

RIMG4456redbruk4

Dette er sommaren 2017.  Regnsommar så det heldt.  Tanken om denne turen har vore med meg i fleire år, og nå ville eg ikkje utsetja meir.  Då endeleg min ven, meteorologen, melde om sol, blå himmel med ei og anna godvèrssky -var det ingen tvil; endeleg skulle det skje.

Så sjølvsagt, då turten startar tidleg morgon ligg skyene tungt nedover fjella rundt, og dei er slett ikkje skremde frå å senda ei og anna lita regnbyge med jamne mellomrom.

RIMG4458bruk5

Etter Kaldavatnet og Svartavatnet kjem eg inn i stølsområdet mellom bygdene Hjelmeland, Vormedalen og Årdal.  Vasstøl, Solheimstøl, Undestølen og Brunstøl er namn som kling av sauebjøller, blåbær og molter, og då eg kjem til Storsteinen bryt jammen sola seg fram gjennom skylaget og følgjer meg til Helgaland og vidare ned mot Trodlatysdal.

RIMG4473bruk7

Her kjem ein inn på turvegen mellom Kleivaland og Trodlatysdal.  Denne vegen er ein av dei meir kjende i området og blir brukt av mange som går til turiststasjonen i Trodlatysdal.

RIMG4488bruk9

Øyefossen er litt av eit syn etter ein slik nedbørstung summar -og dommedagssteinen som heng over stien her får eg ei kjensle av at har flytta litt på seg sidan sist eg såg den, men det kan vera noko som eg innbillar meg.

RIMG4487bruk9

Frå startpunktet i Bønardalen til Trodlatysdal reknast  5 timar og det passar rimeleg bra på klokka.  Turen vidare går langs elva Tussa mot Tengesdalsvatnet før stien svingar sørover opp Tverrlia og Mågåbakkane mot Mågåvassheia og Viglesdalsheia.

RIMG4495bruk9

Dette er ein del av løypenettet til turistforeningen og bind saman turisthyttene i Trodlatysdal, Viglesdalen og Stakken.  Nå har ikkje eg gått alle løypene som turistforeningen har merka med sin raude T, men kan ein våga seg frampå med ein påstand om at dette må vera den brattaste av dei alle?

Ein lett ryggsekk, og at det er kjetting og tau i dei tøffaste partia er ei god hjelp, og takk og pris for at turen går oppover, og ikkje ned.

RIMG4498bruk10

Med utsyn over Tengesdalsvatnet seier sola takk for seg, og lågtrykksskyene som har lagt i kø heile sommaren byrjar atter ein gong å dominera vèrbilete.

På sørsida av Øvre Tysdalsvatnet er den den barske og trolske naturen som dominerar.  Borte er kulturlandskapet prega av år med stølsdrift, og raudmåla steinar er eigentleg nå alt som syner at her har vore folk før meg.

RIMG4509bruk11

Planen er nå å gå over til Viglesdalssida av Hiaheia, følgje øvre kanten av fjellsida forbi Kvitaråsa og Risen for så å kryssa over mot Øvre Tysdalsvatnet att og gå ned til Tverrgjøvle, og derifrå  til Nes eller Riveland.

RIMG4510bruk12

Og det er der og då at vèrgudane vil spela meg eit ekstra puss.  Ei skodde, tjukk som graut, som det heiter, kjem sigande og bruker ikkje meir enn knappe tida på å leggja seg over folk og hei.  Sikt og utsyn forsvinn og er ein for sein med å setje kompasskursen er det fort gjort å gå feil.  Dette var lærdom ein kunne gjera seg i fjellet denne dagen.

Det er allereie lagt att eit par timar ekstra i oppstigninga frå Trodlatysdal og når 2 timar til får passera i skoddegrauten rundt Lomatjørnane utan noko som helst framdrift,  seier det seg sjølv at kvelden kjem før den eigentleg skal.

Skodda lettar i 5 minutt for å visa kor eg er; nemleg mykje nærmare Keipen enn ein burde vera på denne tida av døgnet -og då har ein kanskje nok dagslys att til å kome seg heim, eller kanskje ikkje.  Uansett;  kanskje er eit nøkkelord her, og når skodda legg seg att, endå tjukkare enn før, og det dukkar opp ein liten hidler med steintak framføre meg blir freistinga for stor.

Kan ein seia noko positivt om å sova ute, i skodda og med regn i lufta, med ein stein som tak, med sitjeunderlaget som liggeunderlag, i ein tynn fleece som er einaste skifte for den våte ulltrøya?

Klart ein kan.  Det skal til dømes bli veldig lenge til ein klagar over ei vond seng.

Idet det lysnar av morgon er skodda vekk, og det er ein snau 2 timarstur til Nes via Tverrgjøvle.  Det som skulle vera dagen rundt Øvre Tysdalsvatnet blei dagen og natta rundt, og fleire gonger grip eg meg sjølv i å tenkja over kva eg skal gjera annsleis når eg går turen neste år.

27. oktober 1962; dagen då Arkhipov redda oss alle

Dersom du blei født før 27. oktober 1962 skal du vite at Vasili Alexandrovich Arkhipov redda livet ditt. Me snakkar om den farlegaste dagen i historia.

Cuba-krisa på byrjinga av 60-talet har du høyrt om. Du har også høyrt at verda sto ovanfor full atomkrig. Den kalde krigen var aldri varmare enn då.

Avgjerda om ikkje å starta 3.verdskrigen blei ikkje tatt i det kvite huset i Washington, eller i Kreml. Den blei tatt i kontrollrommet til ein B59 ubåt tilhøyrande den sovjetiske marinen.

Soviet-B-59-Submarine

Sjølv om ubåten var i internasjonalt farvatn var den lokalisert av amerikanarane som starta sleppe synkebomber for å tvinga den til overflata for identifisering. I ubåten hadde dei ikkje høyrt frå Moskva på fleire dagar og mannskapet ombord visste ikkje om krigen var i gong eller ikkje. Kapteinen, Valentin Savitsky, antok at krigen hadde starta og ville skyte ut ein torpedo med atomstridshovud. Den såkalla politiske offiseren Maslennikov var enig, og gjeldande protokoll ombord sa at då skulle det fyrast. Det hadde dei også gjort om det ikkje var for vår mann Arkhipov. Han klarte å få overtala dei andre to til å gå til overflata og avvente ordre frå Moskva. Det høyrer med til historia at sjølv om Arkhipov var nestkommanderande ombord, var han kommandør for den sovjetiske ubåtflåten. Dette gjorde at hans ord til slutt blei tatt til følge, og me kan berre tenke oss kva som hadde skjedd dersom Arkhipov ikkje hadde vore ombord den dagen.

Arkhipov blir sjeldan omtala i vår del av verda. Det står ingenting om han i skulebøkene. Han sto på feil side i konflikten. Me har våre krigsheltar.

Thomas Blanton, som var direktør for the National Security Archive i Washington DC, sa i 2002 at ” a man called Vasili Arkhipov saved the world”

Og det var kanskje akkurat det han gjorde. Den største helten av alle.

Vasili Alexandrovich Arkhipov døde 19. august 1998.

Er me alle Tutta?

Me er alle Tutta. Skreiv diktaren. Tutta er Suzann Pettersen, golfspelarinna. Me er ho. Alle saman. Trudde eg. Tenkte eg. Diktaren er ikkje langt frå å vera den av dei nolevande i vårt land som eg set høgast. Det er ingen som kan formidla klokskap som han. Ingen som kan peike på det norske samfunnet slik som han og seie at slik er det. Og han skreiv eit essay om Tutta og golfsporten. Eg las det for nokre år sidan. Dette er eg samd i, tenkte eg. Kvart einaste ord av det.

Golf er ein tullesport. Ein liksomsport. Ein sport som ikkje er nokon sport.

Golspelarane har ein caddie, ikkje sant? Caddien er den som ber utstyret. Og den som golfspelaren skuldar på dersom ho taper. Når Tutta taper sparkar ho caddien.

Caddien er ein raudvinsskjerpa som skal få arbeidsgivaren sin fram til hol 18 utan frostskader. Seier diktaren.

Dei lataste av golfspelarane kjører rundt på bana i ein liten bil. Dei gidd ikkje eingong å gå.

Og, seier diktaren, Noreg er blitt som Tutta; ein blond og bortskjemt jentunge som reiser verda rundt i rutete bukser som ikkje må skitnast til.

Han seier meir om Noreg og golfsporten: Noreg er eit land som kjører liten golfbil over nyslått plen, som legg seg ned og grin kvar gong vi bommar på putten. Noreg har alt det beste golfutstyret, men sutrar likevel over at ballen stadig hamnar i høgt gras eller nedi bunkeren.

Og får me ikkje dei pokalane me meiner me har krav på, ja då sparkar me caddien. Slik er Noreg. Seier diktaren.

Og eg var så samd i dette. Heilt til eg las om serieskitaren frå Stavanger som i 10 år har brukt dei 18 (eller kor mange det er) hòla på Stavanger golfklubb sin bane som toalett.

Så flott, tenkjer eg. Me er ikkje alle Tutta. Og neste gong eg ser ein golfbane…

10 musikalske piller for haust og vinter

Ein sommar er over, men minna om den består…ei lita stund.

Så, før du veit ordet av det, er hausten der med sine svarte penslar. Malar opp ein mørk himmel som du veit kan bli hengande over deg eit halvt år. 6 månadar med skrekk og gru og tungsinn. Og når denne erkjenninga har sett seg, kjem vemodet; hardt og svart som ein ishockeypuck som treff deg i leggen. Eller i leppa.

Det er då eg kan hjelpa: ein boks med ti musikalske piller som du kan henta fram og suga på når det trengst, og det gjer det. Ofte, eller titt, som er det ordet eg liker best. Eller titt og ofte, som ein også kan seia.

Nå skriv me oktober, som det heiter, og det betyr at du har ingen tid til å førebu deg. Dette er kva eg vil du skal stappa i boksen:

10.Neil Young, Shots

Album: Re-actor

Det såkalla 80-talet fòr ikke heilt fint med Neil Young, eller kanskje det var motsett?   Uansett, denne er frå 80-talet og så styggvakker som dette er det berre Neil Young som kan vera.

Når hauststormane kjem ulande rundt nova, kan du bruka denne til å skrema dei vekk med.

9.The Rolling Stones, Time Waits For No One

Album: It’s Only Rock’n Roll

Etter å ha gjeve ut Let it Bleed, Sticky Fingers og Exile on Main Street, som alle står som royalimpregnerte hesjestaurar i musikkhistoria, var det på ein måte ikke muleg å få kritikarane med på at dei kunne koma med ei fjerde plate som ein kunne skryte av. Synd, for dette er den beste av alle.

Brian Jones(60-talet) og Mick Taylor(fyrste halve 70-talet) var genia som skapte The Rolling Stones. Historia vil ha det til at Taylor var med på å skrive Time Waits For No One, men at han aldri blei kreditert for jobben. Dermed var det Taylor ut av bandet og Ronnie Wood inn, og The Stones blei aldri meir det same.

Denne gjer at du held motet oppe sjølv når rimfrosten dekkjer landet i midten av oktober.

 

8.Jackie Leven, Men In Prison

Album: Forbidden Songs of the Dying West

Blir du ikke melankolsk av denne, blir du det aldri. Fantastisk song, fantastisk mann.  Lurt å spela den når du vaknar av at regn og hagl piskar mot ruta, og du veit at du ikkje får sova meir den natta.

 

7.The Only Ones, Counterfeit Woman

Album:  Remains

Det er denne gitaren som etterkvart stel heile songen og stikk av. Du blir hengjande med, anten du vil eller ikke.  Fungerer best når du treng å få fjerna fokus frå veker med samanhengande barfrost.

 

6.Warren Zevon, Desperadoes Under The Eaves

Album: Warren Zevon

Kan eg prøva meg på å formulera eit av populærmusikkens store mysterier med eit spørsmål: Kvifor er Bruce Springsteen kjend over heile verda, mens Warren Zevon ikke er det?

Tilrår at du set på denne når snøen ligg tjukk på taket, og så let du tankane flyte avgarde til solrike California.

5.Bill Morrissey, Birches

Album: Night Train

Den flottaste visesongaren som har kome utav Amerika, og her er spørsmålet er om ein skal fyra med bjørk eller eik.  Kanskje er Birches den tristaste songteksten som er laga, kanskje den gladaste. Eg klarer aldri å bli samd med meg sjølv om det. Og kvar gong eg høyrer den, tenkjer eg av ein eller annan grunn på Janis Joplin.

Fyr i peisen, set deg i godstolen med ein kopp grøn te, og spel denne. Levande lys er heller ikkje dumt.

4.Bert Jansch, Caledonia

Album: Crimson Moon

Tenk kor mykje meir fredfull og harmonisk verda hadde vore dersom alle høyrde på Bert Jansch ein gong iblant. På Caledonia hyllar Jansch heimlandet sitt, Skottland.

Denne passar perfekt dagen før vinteren må gje tapt for våren.

3.Tindersticks, Slippin’ Shoes

Album: The Something Rain

Sære og nydelege Tindersticks. Velkommen til deira fantastiske verd. Det er alltid noko uventa og spennande i songane til Tindersticks. Alltid.

Denne kan brukast til å dansa vinteren vekk.

2.The The, Heartland

Album: Infected

Snålt namn på denne gruppa. Men musikken er fantastisk. Matt Johnson, som eigentleg er The The, har ein stemme som smyg seg innpå deg frå alle kantar, og ingen av songane smyg seg flottare enn Heartland.

Denne kjem litt ann på; Dersom du stiller deg bak den politiske bodskapen kan du godt bruka den som julasong.

1.The Triffids, Save What You Can

Album: Calenture

Australske The Triffids kom på bana med flotte Born Sandy Devotional i 1986. Etter det kom like flotte In The Pines og deretter perla Calenture, før dei drog inn årene og la båten i støa etter ikkje så flotte The Black Swan. David MacComb syng melankolsk og vakkert, og på Save What You Can grip han deg longt inn i hjarterota:

If you cannot run then crawl, if you can leave, then leave it all. If you don’t get caught, then steal it all, steal it aaaaall.

Bør spelast dagleg frå no og ut april.

Live and in Person; a kind of treasure map to the Bob Dylan field recordings

You may say it all started at a hairdresser’s in Stavanger, Norway. At least, I will say that. It must have been back the late 80’s, and in those days I still had hair on my head to bring to the salon. Still, I think I fancied the Girl working there more than I actually cared about getting a haircut.

Anyway, I was in the chair listening to the scissors cut, when a song on the radio caught my attention. The singer sounded both familiar and distinct, and I knew the voice, but was not able to produce  his name. It started, however, a conversation with the hairdresser. She liked the song too. Who is that man?

The singer was of course Bob Dylan and the song lighting up a gloomy Stavanger day was ‘Man in the Long Black Coat’. The ‘Oh Mercy’ album was just released, and I was to be kept busy for the years to come.

Not that Bob Dylan was in any way new to me. We’d sung ‘Blowin’ in the Wind’ at school, and a friend of mine played ‘Street Legal’ repeatedly in his car, but I had no recordings in my possession. Even though my collection was getting fairly big at the time, listing Bruce Springsteen, Steve Harley, Jethro Tull and the Rolling Stones among others.

That haunting voice within that exciting sound made me leave the hairdressers with one thought in my head: to get as many Dylan records as I could afford from the record store. Luckily, most of them had the ‘nice price’ label, and soon I kept an almost complete Bob Dylan collection in my belonging.

I soon picked my favorite songs and records, read a lot of books on Dylan, and thru the years travelled to see him a lot of places. And I started to collect ‘field recordings’, and this is where I found the real genius of Bob Dylan. Away from the recording studios and the brightest spotlights; that’s where the most shining treasures are kept.

So, during the year of 2015 I have been organizing the best of these treasures for an IPod playlist, and just to let you know; these are my chosen ones:

  1. Searching for a Soldiers Grave; Spokane, October 5, 2001

Bob’s first show after 9.11 took place in Spokane, and the first four songs are nothing but heartbreaking: ‘Wait for the light to shine’, ‘The Times They Are A ‘Changing’, ‘Desolation Row’ and in the fourth slot; ‘Searching for a Soldiers Grave:

You ask me, stranger, why I made this journey Why cross three thousand miles of rolling waves Like many others, my love was killed in action That’s why I’m here, I’m searching for his grave.

My favorite song from one of my favorite shows, and I can’t listen to it without crying for all the good people we lost.

  1. Highway 61 revisited; Motril, July 10, 2004

Always a live favorite. Apparently unstoppable, and this evening in Spain the band puts even more energy into it than usual. And the song is for Robert Johnson. I think everyone should know that.

  1. Mama You Been on My Mind; Wilkes-Barre, November 1, 1992

-Selected for exceptional performance quality, it reads on the sleeve notes ,explaining why this is in my compilation. Exceptional indeed.

  1. Love Minus Zero/No Limit; Toronto, December 1, 1975

Solo. A man and his guitar. Performing like this is what Bob Dylan does far better than anybody else. From the legendary ‘Rolling Thunder’ tour.

  1. Million Miles; New York, January 21, 1998

Bluesy, swampy, jazzy. Filled with heart and soul. This band! This groove! This wonderful year of 1998.

  1. Song for Woody; Berlin, July 5, 1990

Not often on the set list ,and nowadays it has disappeared altogether. Still, you will not find a sloppy version anywhere, and the very best is this from 1990.

  1. Forgetful Heart; Orange Beach, Alabama, July 31, 2009

From the wonderful ‘Together Through Life’ album. Suits Dylan’s voice perfectly. And it’s such a dark and lovely song.

  1. Shooting Star; Oslo, October 13, 2003

Bob pretending to be Tom Waits, singing with a voice more than hoarse, and a piano punk attitude. And it works brilliantly.

  1. Boots of Spanish Leather; Glasgow, June 21, 1998

These lovely acoustic numbers of 1998 is topped by this.

  1. Slow Train; Foxboro, July 4, 1987′

Bob camping with the Grateful Dead in 87 deserves much more credit than given. This short tour produced some awesome stuff, and the very best is this from independence day.

  1. It Takes a Lot to Laugh; Woodstock, August 14, 1994

1994 is like a brand new start. Bob has sobered up, is back on top of his songs and can again deliver coherent, solid shows. From now on he never looks back. Woodstock 94 is brilliant, and when doing ‘It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry’ the whole band is on fire. And listen to the singing. Bob Dylan is such a great blues singer.

  1. Visions of Johanna; Philadelphia, June 21, 1995

The most relaxed version of ‘Visions’ there is. And I can listen to it all day. I’m told to be a relaxed person. Maybe listening to this MAKES me a relaxed person.

  1. Just Like a Woman; London, May 27, 1966

This song is accused of being both sexist towards women in general, and a nasty put down of a former lover. Maybe it is, but from the stage in 1966 Bob lifted his words far above any such discussions. This performance is art alongside Shakespeare, Leonardo da Vinci and Miles Davis. Timeless. And done by a man in his early twenties.

  1. Tomorrow is a long Time; Berlin, May 23, 2000

Beautiful. Just beautiful. Listening to this brings peace to your heart and peace to the world.

  1. Girl from the North Country; Sydney, February 24, 1986

Bob alone on stage with his guitar and harmonica. Breathtaking to the limit of survival, and sung and played in a way that brings out all the melancholy resting in the years gone by.

  1. Don’t Think Twice, It’s All Right; Oslo, April 7, 2002

Well, it is number one, so it must be the best, right? I was there in Oslo when Bob pulled this one out, and it still gives me the shivers just to think about it. It’s a break-up song, all right, but the way this great song this time is sung and spoken and whispered, I have for the first time come to realize that the man is the one being hurt. It usually is, I guess…