Er me alle Tutta?

Me er alle Tutta. Skreiv diktaren. Tutta er Suzann Pettersen, golfspelarinna. Me er ho. Alle saman. Trudde eg. Tenkte eg. Diktaren er ikkje langt frå å vera den av dei nolevande i vårt land som eg set høgast. Det er ingen som kan formidla klokskap som han. Ingen som kan peike på det norske samfunnet slik som han og seie at slik er det. Og han skreiv eit essay om Tutta og golfsporten. Eg las det for nokre år sidan. Dette er eg samd i, tenkte eg. Kvart einaste ord av det.

Golf er ein tullesport. Ein liksomsport. Ein sport som ikkje er nokon sport.

Golspelarane har ein caddie, ikkje sant? Caddien er den som ber utstyret. Og den som golfspelaren skuldar på dersom ho taper. Når Tutta taper sparkar ho caddien.

Caddien er ein raudvinsskjerpa som skal få arbeidsgivaren sin fram til hol 18 utan frostskader. Seier diktaren.

Dei lataste av golfspelarane kjører rundt på bana i ein liten bil. Dei gidd ikkje eingong å gå.

Og, seier diktaren, Noreg er blitt som Tutta; ein blond og bortskjemt jentunge som reiser verda rundt i rutete bukser som ikkje må skitnast til.

Han seier meir om Noreg og golfsporten: Noreg er eit land som kjører liten golfbil over nyslått plen, som legg seg ned og grin kvar gong vi bommar på putten. Noreg har alt det beste golfutstyret, men sutrar likevel over at ballen stadig hamnar i høgt gras eller nedi bunkeren.

Og får me ikkje dei pokalane me meiner me har krav på, ja då sparkar me caddien. Slik er Noreg. Seier diktaren.

Og eg var så samd i dette. Heilt til eg las om serieskitaren frå Stavanger som i 10 år har brukt dei 18 (eller kor mange det er) hòla på Stavanger golfklubb sin bane som toalett.

Så flott, tenkjer eg. Me er ikkje alle Tutta. Og neste gong eg ser ein golfbane…

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s