10 musikalske piller for haust og vinter

Ein sommar er over, men minna om den består…ei lita stund.

Så, før du veit ordet av det, er hausten der med sine svarte penslar. Malar opp ein mørk himmel som du veit kan bli hengande over deg eit halvt år. 6 månadar med skrekk og gru og tungsinn. Og når denne erkjenninga har sett seg, kjem vemodet; hardt og svart som ein ishockeypuck som treff deg i leggen. Eller i leppa.

Det er då eg kan hjelpa: ein boks med ti musikalske piller som du kan henta fram og suga på når det trengst, og det gjer det. Ofte, eller titt, som er det ordet eg liker best. Eller titt og ofte, som ein også kan seia.

Nå skriv me oktober, som det heiter, og det betyr at du har ingen tid til å førebu deg. Dette er kva eg vil du skal stappa i boksen:

10.Neil Young, Shots

Album: Re-actor

Det såkalla 80-talet fòr ikke heilt fint med Neil Young, eller kanskje det var motsett?   Uansett, denne er frå 80-talet og så styggvakker som dette er det berre Neil Young som kan vera.

Når hauststormane kjem ulande rundt nova, kan du bruka denne til å skrema dei vekk med.

9.The Rolling Stones, Time Waits For No One

Album: It’s Only Rock’n Roll

Etter å ha gjeve ut Let it Bleed, Sticky Fingers og Exile on Main Street, som alle står som royalimpregnerte hesjestaurar i musikkhistoria, var det på ein måte ikke muleg å få kritikarane med på at dei kunne koma med ei fjerde plate som ein kunne skryte av. Synd, for dette er den beste av alle.

Brian Jones(60-talet) og Mick Taylor(fyrste halve 70-talet) var genia som skapte The Rolling Stones. Historia vil ha det til at Taylor var med på å skrive Time Waits For No One, men at han aldri blei kreditert for jobben. Dermed var det Taylor ut av bandet og Ronnie Wood inn, og The Stones blei aldri meir det same.

Denne gjer at du held motet oppe sjølv når rimfrosten dekkjer landet i midten av oktober.

 

8.Jackie Leven, Men In Prison

Album: Forbidden Songs of the Dying West

Blir du ikke melankolsk av denne, blir du det aldri. Fantastisk song, fantastisk mann.  Lurt å spela den når du vaknar av at regn og hagl piskar mot ruta, og du veit at du ikkje får sova meir den natta.

 

7.The Only Ones, Counterfeit Woman

Album:  Remains

Det er denne gitaren som etterkvart stel heile songen og stikk av. Du blir hengjande med, anten du vil eller ikke.  Fungerer best når du treng å få fjerna fokus frå veker med samanhengande barfrost.

 

6.Warren Zevon, Desperadoes Under The Eaves

Album: Warren Zevon

Kan eg prøva meg på å formulera eit av populærmusikkens store mysterier med eit spørsmål: Kvifor er Bruce Springsteen kjend over heile verda, mens Warren Zevon ikke er det?

Tilrår at du set på denne når snøen ligg tjukk på taket, og så let du tankane flyte avgarde til solrike California.

5.Bill Morrissey, Birches

Album: Night Train

Den flottaste visesongaren som har kome utav Amerika, og her er spørsmålet er om ein skal fyra med bjørk eller eik.  Kanskje er Birches den tristaste songteksten som er laga, kanskje den gladaste. Eg klarer aldri å bli samd med meg sjølv om det. Og kvar gong eg høyrer den, tenkjer eg av ein eller annan grunn på Janis Joplin.

Fyr i peisen, set deg i godstolen med ein kopp grøn te, og spel denne. Levande lys er heller ikkje dumt.

4.Bert Jansch, Caledonia

Album: Crimson Moon

Tenk kor mykje meir fredfull og harmonisk verda hadde vore dersom alle høyrde på Bert Jansch ein gong iblant. På Caledonia hyllar Jansch heimlandet sitt, Skottland.

Denne passar perfekt dagen før vinteren må gje tapt for våren.

3.Tindersticks, Slippin’ Shoes

Album: The Something Rain

Sære og nydelege Tindersticks. Velkommen til deira fantastiske verd. Det er alltid noko uventa og spennande i songane til Tindersticks. Alltid.

Denne kan brukast til å dansa vinteren vekk.

2.The The, Heartland

Album: Infected

Snålt namn på denne gruppa. Men musikken er fantastisk. Matt Johnson, som eigentleg er The The, har ein stemme som smyg seg innpå deg frå alle kantar, og ingen av songane smyg seg flottare enn Heartland.

Denne kjem litt ann på; Dersom du stiller deg bak den politiske bodskapen kan du godt bruka den som julasong.

1.The Triffids, Save What You Can

Album: Calenture

Australske The Triffids kom på bana med flotte Born Sandy Devotional i 1986. Etter det kom like flotte In The Pines og deretter perla Calenture, før dei drog inn årene og la båten i støa etter ikkje så flotte The Black Swan. David MacComb syng melankolsk og vakkert, og på Save What You Can grip han deg longt inn i hjarterota:

If you cannot run then crawl, if you can leave, then leave it all. If you don’t get caught, then steal it all, steal it aaaaall.

Bør spelast dagleg frå no og ut april.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s