Noregs vakraste tur; frå Hellestø til Brusand

Målet står klart: det er å gå frå Hellestø til Brusand på 2 dagar. Dei som skal prøva er ein ungdom i sin beste alder på snart 12, og ein eldre herre som har passert 50 med god margin. Begge er litt over gjennomsnittleg trent i høve til alderen sin.

Der me ikkje skal gå -vil me reisa kollektivt, og når ruta frå stavanger sentrum til Hellestø blir plotta inn i busselskapa sine datasider, får me melding om å ta flybussen til Sola, Jaerlines (ja, dei skriv det slik) frå flyplassen til Tjelta -og gå derifrå. Det betyr 2 ekstra kilometer, og me er oppe i 47 km til saman. Det begynner å høyrast langt ut. Og du må ikkje gløyma at me skal bera telt, soveposar, liggjeunderlag, litt ekstra klede, mat for to dagar og litt ekstra utanom det. Den eine ryggsekken begynner å likna eit monster og argumenta som tilseier at ungdomen bør bera den fører ikkje fram.

Me er i gong. På sand. I sol. Og ein frisk bris inn frå vest. Hellestøstranda, som vel eigentleg heiter Bybergstranda. Båtmannsvika. Nordre og Søre-Tangen. Sele båthavn. Lunch. Endeleg pause. RIMG0878 Med sjømerke på toppen av Tangarhaug i synet blir det snart poengtert av ungdomen at me kan ikkje sitja her heile dagen. Så på med sekk og avgarde med oss. Kvila kan me gjera ein annan gong, får eg høyra.

Ei hengebru tek oss over Figgjoelva, og framføre oss ligg den laaange og flotte Borestranda. Me går og går og går utan å bevege oss noko særleg, så lang er stranda. Greitt nok det. Ingen som er trøytte. RIMG0901 Me rundar snart hjørna av landet, Revtangen, ein stad ofte besøkt av både ornitologar og istidshistorikarar. Staden er eit navigasjonspunkt for trekkfuglar, samt den eldste endemorenen me har i Noreg. Hadde me vore 15000 år tidlegare ute( eller kanskje 15000 år seinare) ville me vore på iskanten.

Det ligg eit gardsbruk like nord for Reve. Det heiter Hodne. Gammalt ord for hjørne.

Då me har kome rundt hjørnet ligg Revesanden og snart Orre framføre oss. Utan å sjå noko til korkje spekemennene eller andre spøkelse, passerer me friluftshuset og kjem til Orreelva. Den stiller oss spørsmålet om me skal vassa over der me er, eller gå ein liten ekstra kilometer opp til brua ved Nordsjøvegen og ned att.

Svaret vårt blir at me vassar. Kryssar elva i underbuksa med tunge sekken på ryggen. Barfot på glatte og kvasse steinane. Det er i slike stunder ein blir tvungen til å tenkja at dette kjem aldri til å gå godt. Men det gjer det faktisk.

Etterkvart passerer me Vik og Skeiekanalen. Når me kjem til flyplassen ymtar eldstemann frampå om at kanskje dette er nok for i dag. Me plantar teltet diskrè i utkanten av Skeieskogen, og det er tid for ein velfortent kvil med innlagt grilling av pølser på bål og bading i ein sjø der ordet iskaldt skildrar det meste.

Neste morgon har den friske brisen frå vest også tatt ein kvil. Skeiestranda møter oss med solskin, vannflata lik ein spegel, med korsong frå sjøfuglane, og ei herleg luft innblanda tare og salt sjø. Klokka er 0730. Det er på tide å gå. RIMG0946 Det første me gjer er å gå inn i ein ny kommune. Me begynte i Sola. Mesteparten av gårsdagen var me i Klepp. Nå Hå. RIMG0942 Over Salteåna, forbi Nærlandssanden. Me går opp forbi Thiisahuset, eit av dei finaste jærhusa.

RIMG0952

Snart er me ved den karakteristiske hengebrua over Håelva som tek oss til Hå Gamle Prestegard. RIMG0954 Flotte skilt og blå pålar viser oss vegen vidare sørover, og idet me opnar grinda til kongevegen ser me brennevinshola like nedføre oss. Jærstrendene manglar ikkje dramatiske historiar. Me har allereie nemnd dei 4 spekemennene på Orre som historia seier skal ha forårsaka skipsforlis, røva skipet og drept mannskapet, bortsett frå ein som klarte å gøyma seg. Han varsla lensmann og dei 4 mennene frå Orre blei hengt for udåden. Etterpå har spekemennene, som dei vart kalla, spøkt for folk i området. RIMG0950 Brennevinshola har fått namnet etter 2 historier frå 1700- og 1800- hundretalet der det skal ha vore tatt brennevin i land ulovleg. Mange som då gjorde ting dei ikkje burde, deriblant presten, vistnok.

Frå Hå Gamle Prestegard siktar me mot Obrestad fyr som ligg dominerande i landskapet. Den eldste i turfølget prøver å fortelje den yngste at her går me i eit landskap av kultur og fornminne som på mange måtar er unikt i landet. Obrestad kan ein lesa om i kongesagaene. Olav Tryggvason si mor skal ha kome herifrå. Dei eldste gravfelta i området kan daterast tilbake til 300 e.kr. RIMG0963 Den opprinnelege kongevegen på jæren som oppsto på 1600-talet gjekk frå Obrestad til Kvassheim. Når turstien me følgjer har fått same namnet er det for å minna oss på at her er me på historisk grunn så det held. RIMG0961 Likevel, verkeleg inntrykk gjer ikkje skravlinga mi før me kjem til Obrestad havn, og eg viser staden der det låg ein hoppbakke der ein på 1930-talet hoppa like langt som i Holmenkollen. 3 og 4 000 tilskodarar kunne det koma.

Området rundt hamna blei viktig for tyskarane under 2. verdskrigen. Dei reiv stillaset for ovarrennet, og sørga slik for at mekka for hoppsport i Noreg blei Holmenkollen og ikkje Obrestad. I dag veks ein liten skog der unnarennet i hoppbakken var.

RIMG0970

Me fortset turen over tyskarane sitt spesielle steingjerde i Honnadalen, forbi Sør-Reime og Grødaland. Då me passerar Bodle startar me å kikka etter Varhaug Gamle Kyrkjegard. Ein meiner det skal ha vore 3 forskjellige kyrkjer her oppigjennom tidene. Ei kyrkje bygd i 1620 skal har blitt riven av Pilt-Ola frå Songesand i 1828. Han sette opp ei ny. Ei såkalla Linstow-kyrkje. Den blei riven i 1905 då sentrum for Varhaug blei flytta innnover i landet og ei ny kyrkje blei sett opp der. I dag står her eit lite kapell. RIMG1000 Me har ein lengre pause like ved kyrkjegarden. Me høyrer vinden har byrja å ta seg opp att. Me kjenner historia sitt sus rundt oss. Religionen, livet, havet og evigheita. Og me begynner å kjenne kilometrane i beina. På vegen mot Madland hamn blir stega meir og meir av eit slit, metrane lengre og sekkane tyngre. Klokka går fortare, og dei små drikkepausane kjem oftare. Då me nærmar oss Hårr er det at me i full semje endrar Brusand til Vigrestad. Me kryssar riksvegen like nord for Hårrelva, går opp til klyngjetunet og følgjer ein smal bilveg derifrå austover til Vigrestad jernbanestasjon. For som me sa for å overtyda kvarandre om at me gjorde det rette: ein så flott tur kan ikkje ta slutt. Nå har me 3-4 kilometer til gode. Nå ligg turen frå Kvassheim til Brusand og ventar på oss. Der kan me gå kva tid som helst. RIMG1014 Me møtte ikkje mange på turen. Det var merkeleg sidan det var både ferietid og solskin. Me såg heller ingen som sto klare for å tena pengar på oss. Me passerte ingen butikk, ingen kiosk, ingen næringsverksemd som såg på oss som kunder.  Derfor er ikkje dette ein tur det blir brukt mange ressurser på å spreia reklame for. Heldigvis kan me seie til det. På same tida som dette er ein tur me vil tilrå heile, eller delar av, til alle. Me møtte ikkje mange, men ein av dei me traff sa at jærstrendene er Noregs vakraste tur.  Ein tur for hjerne og sjel.  Han har sikkert rett i begge deler.RIMG0962

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s