Draumeteateret som forsvann; kor blei det av mine mørkeblå?

Første gong eg såg Viking spela fotball?  Det er blitt lenge sidan. Så lenge sidan at det var far som tok meg med, og det utan at eg hadde masa om å få lov. Me er på slutten av 1960-talet. Eg trur ikkje eingong eg visste at det var eit fotballag som heitte Viking før me reiste.  Me tok ferja til byen.  Frå Fiskapiren var det 25 minutt å gå.  Dersom me gjekk fort.  Til Stavanger Stadion. Og dette var i tida før det kom ei stor og høg sitjetribune på vestsida.

Det enda 2-2, og det var mot Strømsgodset.  Arvid Knutsen skåra begge måla.  Eg huskar ingenting av kampen, men eg huskar eg holdt far fast i handa då me gjekk derifrå.  Litt skummelt var det, rett og slett.

Men ikkje meir skummelt enn at eg snart var tilbake.

Er det Old Trafford i Manchester som er blitt kalla eit teater for draumar?  I så fall er det berre ein bleik kopi.  Det verkelege draumeteateret var Stavanger Stadion utover første delen  av 1970-talet.

Ferja frå Judaberg.  25 minutt å gå.  Dersom me gjekk fort.  Og ikkje gjekk oss vill.  Nå fekk eg reise med kameratar, og første gongane var det ofte me gjekk oss vill.  Vasa rundt i Kannik -og på Stokka -og Eiganes utan peiling på kor me var.  Me fann fram tilslutt, og som oftest var me ved stadion minst ein time før dei  opna portane.  Me sto først i køen.

Vår kø var i Holbergsgata.  Me skulle til Store Stå, og når me var igjennom slusa  var det om å gjere å få den plassen ned ved reklamegjerdet som akkurat var i flukt ut frå 16-meterstreken i søre enden av banen.  Og det var der, med nasen så vidt over reklameskilta, med det grønaste og finaste gras i verda føre meg, med tribunen rundt meg og bak meg som blei stadig meir full av folk,( “Store Stå: trekk innover mot midten”), det var der at  alt som hadde bygd seg opp heile dagen kom til sitt klimaks med orda frå speaker Ragnar Schreiner: “Her kommer GYTTENE!”

Dette var signalet.  Alt kom på kok.  Me slo på reklameskilta så hardt me berre kunne og visste at føre oss låg 90 minutt i paradis.

Det var Lars Korvald og Trygve Bratteli som var statsministrar på denne tida.  Dei ville aldri vore mitt valg.  Eg hadde stemt på Reidar Goa.  Eller Hans Edgar Paulsen.  Eller ein av dei andre.  Erik Johannesen, Anbjørn Ekeland, Sigbjørn Slinning.

Tenk deg den midtbanen med Inge Valen og Svein Kvia.  Ikkje rart at dei spela 4-2-4; passa perfekt saman dei to.  Dei kunne styrt Noreg.  Valen som kriga og kjempa og vann kvar einaste duell.  Der var han, saman med Svein Kvia som var den mest elegante fotballspelaren du kunne tenke deg.  Motta ballen, dempa, triksa litt, trekant, og så spela gjennom angriparen.  Svein Kvia skulle stilt til kamp i lakksko, frakk og floss, så elegant var han, og dersom han og Valen hadde spelt i dag, hadde Viking framleis brukt 4-2-4.

Eg har ikkje nemnd nokon av spissane.  Det må eg.  Johannes Vold.  Leif Bugge Aarøe.  Trygve Johannesen.  Dei skåra når dei ville.

I år etter år låg to blå auge oppå gjerde på Store Stå rett ut for 16-meterstreken  og fekk med seg alt dette.  Theatre of Dreams?  You Bet!

Her skulle eg vore fanga.  Desse åra med desse fantastiske opplevingane og denne fantastiske  lidenskapen som fotballen var for meg då, skulle gjort meg til livslang vikingsupporter.  I dag skulle eg  hatt Viking på maten.  Eg skulle gått rundt i mørkeblått med tal på ryggen og ‘Lyse’ på brystet og ropt;  ‘eg e’ viking eg’.

Det blei ikkje slik.

Eg mista ikkje interessa for Viking sjølv om dei ikkje vann serien kvart år.  I 1976 blei dei nummer 5, og Lillestrøm tok over dominansen for ei stund, men me var tilbake på topp i 79 og 82. Og innimellom var det ein og annan cupfinale i Oslo.

Men det skjedde noko.  Eg merka det for alvor etter nedrykket midt på 80-talet og i tida etter det, heilt fram til i dag.  Noko med mitt lag som eg ikkje likte.  Ikkje på banen.  Spelarane gjorde sitt beste då, som dei gjorde i åra 72-75, og som dei gjer nå. Men  på tribunen;  Kor lite som skulle til for at folk skulle pipe og bue på eige lag og eigne spelarar. Dei ute på graset er unge gutar, ofte ikkje meir enn 20 år.  Ein skal ikkje vere mykje av ein psykolog for å forstå at det å høyre 5 000 publikummarar rope mishagsytringar etter seg ikkje akkurat betrar prestasjonen på banen.

Ofte gjekk eg ut av stadion med eit ubehag. Eg kunne ikkje forstå kvifor Viking skulle ha eit så surt og kravstort publikum som ikkje tok 5 øre for å pipe ut sine eigne.

Ei av dei største laussalsavisene hadde ein gong på 90-talet ein førehandsanalyse om korleis dei trudde sesongen kom til å enda.  Dei lista opp plussar og minusar for kvart av laga.  På minussida om Viking skreiv dei:

‘Viking fra Stavanger har det mest kresne og negative publikummet i landet’.  Punktum.  Når osloavisene skreiv om Viking var dei vanlegvis heilt på bærtur, men den gongen traff dei dessverre spikeren skikkeleg.

Mi fotballinteresse flytta over Nordsjøen til Storbritania, og hos Laget eg følger der er den indre justisen på dette streng.  Ein SKAL IKKJE pipa mot eige Lag og eigne spelarar.  Laget skal ein støtta, stå last og brast, i gode og onde dagar, uansett.   Ein kan vende seg imot eigar og styreleiar og til nøds manager, men aldri Laget (og her heiter det Laget med stor L).

Etterkvart oppdagar eg at eg ikkje går på vikingkampar meir.  På avstand ser eg flyttinga til Jåttå, til ein ny stor og flott stadion, og år for år ser eg Viking meir og meir bli ein klubb utan hjarte og sjel.  Ingen kontinuitet.  Spelarar og trenarar kjem og går i eit antal og ein fart som gjer at dei på veg ut kolliderer i døra med dei som skal inn.  Gutar frå Island, Danmark, Sverige , Afrika og Finland som kjem, blir ein sesong eller to, og så forsvinn dei.

Eg ser dei beste vikingspelarane spelar for alle andre klubbar enn Viking, og her skal Jone Samuelsen stå som døme på kva eg meiner.

Eg ser Islendingen (som utan blygsel uttalar at han berre ser på Viking som eit springbrett for den vidare karriera) bli sett inn på laget og brukt framføre det 19 år gamle lokale talentet, og får igjen stadfesta at viljen og tålmodet til å satsa på dei lokale talenta i veldig liten grad er tilstades i Viking.

Det blir sagt av dei som har greie på det at fotballen i Noreg har forandra seg. Sidan 1972.  Sidan Reidar Goa.  At den lokale tilhøyrigheita ikkje betyr noko lenger.  At eit lag frå Stavanger godt kan bestå av 8 islendingar.  Eller 7 svenskar.  Eller 5 danskar og 4 afrikanarar.

Kyss meg bak, seier eg til det.

Det er når guten frå borti gata står fram og blir helten at eg som held med laget verkeleg kjenner det i hjarterota.   Når toppskåraren er født og oppvaksen på Randaberg.  Når det er slektningen til naboen som trør til i taklingane og sender ein susar av eit skot mot mål.  Når midtstopparen som stig til vers og headar corneren i mål er frå Jørpeland.  Når dei fleste på laget  snakkar rogalandsdialekt.  Når det er våre eigne som står på og blør for drakta.

Det er då den gledeståra som trillar nedover kinnet når me har vunne kampen er verkeleg, verkeleg ekte.

Mitt draumeteater var laga av ekte tårer.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s