Fakkellys over eit folkemord; Med Philip Chevron fra Connaught til Broadway

Når du er lei av London er du lei av livet, heiter det.  Underteikna er longt ifrå lei av London, men eit område av byen styrer eg klar , det er  det såkalla West-end området med Soho og Oxford Street.  Dette området er øydelagt, av turisme og fjas. Prisane er høge, maten dårleg og servicen enda dårlegare.  Dette har gjort at eg har funne min stad litt lenger nord, i områda Bloomsbury og Camden Town, ofte i nærheten av Kings Cross-stasjonen som er eit transportknutepunkt som gjer det lett å komme dit ein vil.

Sist eg var i byen hadde eg med meg ei bok som eg ei stund hadde sett fram til å lese.  ‘Here Comes Everybody’, historia til gruppa ‘The Pogues’, skriven av James Fearnley.  Dersom du kjenner til gruppa veit du at Fearnley er han som spring rundt på scena med det svære trekkspelet.  Dersom du ikkje kjenner den kan eg fortelje at det er dei med ‘Fairytale of New York’.  Den har du  høyrt.

Nå er dette i ferd med å bli ei frykteleg lang innleiing til det eg hadde tenkt å fortelje om, og som ikkje handlar om London i det heile tatt, eller jo, det det gjer det på eit vis, men; Fearnley fortel meg i boka at ‘The Pogues’ er frå  Nord-London.  Det er her dei bur, det er her dei øver, her dei tar tuben til og frå Kings Cross Station, her dei går på pub og etterpå går syngande og skrålande langs Euston Road, gata eg ser når eg kikkar ut vindauge på hotellet eg bur på.  I tillegg skriv han om Philip Chevron og songen “Thousands are Sailing”.

Philip Chevron heitte eigentleg Philip Ryan, han var født i 1957 like utanfor Dublin, kom til London tidleg på 1980-talet og blei etterkvart fast medlem av ‘The Pogues’.  Chevron skreiv ikkje så mange songar for gruppa, men han laga ‘Thousands are Sailing’, og den er aldeles fantastisk flott.  Ein song som har handlinga si lagt til Ellis Island og New York, men som eigentleg handlar om øya han kom frå, Irland,  Erins grøne øy, og er ei forteljing om menneska der si ekstremt trøblete historie.

Dei har hatt lite fred og ro i Irland.  Framande krefter og makter har trengt seg på. Me kan godt begynne med våre eigne vikingar.  At dei kunne fare fram på ein mindre høfleg måte, er vel ikkje nokon løyndom, og  i år 1000 var Dublin under vikingkontroll.  Etter det kom William Erobraren og normannarane. Snart skulle den engelske kongen Henry 8. bryte med paven og som resultat av det tvinge irane til å gje opp si katolske tru og bli protestantar, og dei som han ikkje klarte å omvende, dei som nekta, kom Oliver Cromwell og slo ihjel mange av ikkje så lenge etterpå.

-Eg ber om at alle truande hjarte må gje takka for denne store nådige siger til gud.  For dette er herren sin rettferdige straffedom over desse barbariske syndarane, sa Cromwell.

Dei katolikkane som berga livet og den opprinneleg irske befolkninga blei sende til Connaught vest i landet, der folk levde i ytterste fattigdom og såvidt klarte å livnæra seg på nokre knøttsmå jordlappar.  Dei heldigaste av dei  blei husmenn under  dei nye engelske jordeigarane.  Storparten av øya og den mest dyrkbare jorda blei gitt til Cromwell sine menn som belønning for den gode jobben dei hadde gjort. Grunnlaget var lagt.  Irland vart eigd og styrt av godseigarar frå England. I songen “Galway Bay” heiter det i fjerde verset:

For the strangers came and tried to teach us their way

They scorned us just for being what we are

But they might as well go chasing after moonbeams

Or light a penny candle from a star

I denne pålagte fattigdomen var poteta grunnkosten. For mange var det meste anna luksus, og i 1846 gjekk det gale, og i 1847 og i 1848.  Potetene forvann i regn og råte.  Det var tida for ‘The great hunger’, og det er her me møter Philip Chevron med ‘Thousands are Sailing’.

The island it is silent now

But the ghosts still haunt the waves

And the torch lights up a famished man

Who fortune could not save

Frå 1846 til 1850 blei den irske befolkninga redusert med to millionar.  Ein million døde av svolt og sjukdom, den andre millionen hadde flykta.  Fram til århundreskifte var befolkninga halvert, frå omlag 8 til 4 millionar.  I irske historiebøker finn ein dette omtala som folkemord.  Det blei ropt om hjelp, og ropa nådde dronning Victoria, ropa nådde London, men få brydde seg.  Ein trudde ikkje det var så gale som det blei gitt uttrykk for, og den hjelpa som vart forsøkt sett i gong stranda i byråkrati i kontora i London. For irane handla det om liv eller død, og det handla om å koma seg til Liverpool eller Bristol og derifrå  sjøvegen over Atlanterhavet til  Amerika.

Thousands are sailing

Across the western ocean

To a land of opportunity

That some of them will never see

I historier om dei norske amerikafararane på denne tida høyrer me om amerikakofferten.  Veldig mange av irane hadde ikkje det.  Dei reiste i det dei gjekk i og sto i.  På fleire av overfartane var dødstala om bord høgare enn kva tilfelle var på slaverutene frå Afrika.  I tillegg kunne skipa vere i så dårleg stand at dei sank før dei var komne ut av irskesjøen.

Ah, no, says he, ’twas not to be

On a coffin ship I came here

And I never even got so far

That they could change my name

Med alt dette håplause og all lidinga som bakteppe flyttar Chevron forteljarstemmen i songen fram  i tid.  Til ei kjærleikshistorie som kanskje er mellom etterkommarar etter desse hardt prøva innvandrarane. Dette samtidig som han introduserer den irske poeten Brendan Behan og tek ein skål for den meste kjende av alle Irsk-amerikanarane, John F. Kennedy:

In Manhattan’s desert twilight

In the death of afternoon

We stepped hand in hand on Broadway

Like the first man on the moon

And ‘the blackbird’ broke the silence

As you whistled it so sweet

And in Brendan Behan’s footsteps

I danced up and down the street

Then we raised a glass to JFK

And a dozen more besides

When I got back to my empty room

I suppose I must have cried

Med dei to siste linjene i verset over fortel Chevron at den vonde historia og den usle behandlinga det irske folket blei utsette for har sett veldig djupe spor. Og i siste refrenget gjer han ein genistrek:

Thousands are sailing

Again across the ocean

Where the hand of opportunity

Draws tickets in a lottery

Ordet ‘again’ blir lagt inn. Det skjer på ny -og dermed går tankane fort til Middelhavet og Lampedusa og eigentleg alle flyktningar, og spørsmålet om kva som er gale i verda når så mange blir tvungne til å forlata heimen sin og landet sitt. Philip Chevron døde av kreft i 2013.  Han blei  56 år gammal.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s