Ein Blues for Willie McTell; Ei musikalsk reise i den brunfarga myra

“Blind Willie McTell” er ein av Bob Dylan sine aller beste songar.  Den tek oss med på ei ubehageleg reise inn i amerikansk historie der slavetida og borgarkrigen er viktige stoppestader.

Den amerikanske borgarkrigen (1861-1865) blir ofte framstilt som ein krig om retten til å ha slavar.  Dette er vel så langt frå sanninga som ein kan koma utan at det blir ei løgn.  Då dei første skota blei fyrte mot Fort Sumter i april 1861 uttalte Abraham Lincoln(som vann valget i 1860 utan å vinne ein einaste sørstat) ingenting i retning av at slaveriet skulle avskaffast.  Det handla om å halda unionen samla og at slavestatane ikkje skulle bli fleire.  Ein skulle komme eit godt stykke inn i borgarkrigen før Lincoln begynte å arbeida for å få igjennom det 13. lovtillegget som skulle frigjere slavane. Robert E. Lee, sørstatsgeneralen, var svoren slavemotstandar.  Han valgte side uitifrå kjærleiken til staten Virginia, og hovudstaden Richmond. Slaget om Richmond og dei siste dagane av borgarkrigen er utgongspunktet for Robert Robertson (frå The Band) sin song “The Night They Drove Old Dixie Down”. Dixie, land of Dixie eller Dixieland er dei amerikanske sørstatane.

Mason/Dixon-linja,  blir ofte referert til som skilje mellom nord og sør, og like mykje som eit geografiske skilje, symboliserte grensa den kulturelle skilnaden mellom desse to områda. (Denne berømte grenselinja som vart laga av astronomen Charlie Mason og landmålaren Jeremiah Dixon er det Mark Knopfler syng om i “Sailing to Philadelphia”)

I nord fann ein mulighetenes land, der einkvar kunne snekre si eiga lukke, og ein snakka om den amerikanske draumen.  Dette samtidig som ein på denne tida opplevede ei gryande industrialisering og all innvandringa som  sørga for eit multikulturellt samfunn. I sør fanst ein struktur meir likt det gamle europeiske føydalsamfunnet, der einkvar hadde sin faste plass bestemt av kva stand ein var født i.  Den økonomiske ryggraden i dette systemet var plantasjedrifta(King cotton), og samfunnet var tokulturellt med mørkhuda slavar og frie kvite.

Då borgarkrigen starta rekna ein med at den skulle vera over i løpet av nokre månader.  At ein skulle høyre sørstatssoldatane sitt kamprop (the rebel yell) i 4 år var det ingen i nord som såg føre seg, og borgarkrigen sette eit skikkeleg merke i amerikansk politikk og kultur med etterverknader  tydelege heilt fram til i dag. Den første tida etter borgarkrigen blir kalla reconstruction i USA.  Sørstatane tapte krigen og slavane var frie, men snart var mykje tilbake i gamle faldar.  Lite blei gjort for å betra afro-amerikanarane sine rettar.  Raseskilje sto sterkt, og makt og rikdom var samla på få hender.  Ein kan kalle ein slik samfunnsstruktur føydalistisk eller patriarkalsk, men fascisme-merkelappen er ikkje langt unna å vere like gyldig. Med bakgrunn i dette kan me trekke ei linje framover i tida der same familiane og likesinna til dei som forsvara slaveriet 60 år seinare offentleg omtalar Hitler i rosande ordelag.  Me finn dei i Ku Klux Klan som meir enn nokon andre stader var dominerande i austre delane av Texas. Eit av dei sterkaste uttrykka for rasismen sine grusomme følger finn me i songen “Strange Fruit”, kanskje mest kjent i Billie Holiday sin versjon:

Southern trees bear a strange fruit /Blood on the leaves and blood at the root/ Black bodies swingin’ in the Southern breeze /Strange fruit hangin’ from the poplar trees /Pastoral scene of the gallant South /The bulgin’ eyes and the twisted mouth /Scent of magnolias sweet and fresh /Then the sudden smell of burnin’ flesh /Here is a fruit for the crows to pluck /For the rain to gather, for the wind to suck /For the sun to rot, for the tree to drop/ Here is a strange and bitter Crop  

 

Vidare kan me dra linja til Jim Clark i Selma, til Koch-brødrene og deira Tea Party-rørsle, og til politiet i Ferguson for den saks skuld.

Då Neil Young i 1970 utgir songen “Southern Man” på albumet “After the Gold Rush” er det sørstatsrasismen han rettar peikefingeren mot. Songen var slik retta mot ein ideologi, men mange oppfatta det som at alle i sør skulle vere rasistar og nærmast ikledd brunskjorter. Gruppa Lynyrd Skynyrd gav Neil Young svar med “Sweet Home Alabama” i 1974.

   

Same året laga Randy Newman  “Good Old Boys” . Eit heilt album med sørstatane sitt oppheng i slaveri og rasismen som tema.  I songen “Rednecks” er sarkasmen på kokepunktet.  

Bob Dylan spela inn “Blind Willie McTell” til albumet “Infidels” i 1983, men den blei først utgitt på The Bootleg Series vol. 1-3 i 1991. Teksten til Dylan har slaveriet og rasismen som bakteppe:

See them big plantations burning /Hear the cracking of the whips/

Smell that sweet magnolia blooming/ See the ghosts of slavery ships/

I can hear them tribes a-moaning /Hear that undertaker’s bell /

Framføre dette plasserer han den mørkhuda bluessongaren  Willie McTell.  Over uretten, over diskrimineringa og over den politiske røynda der ‘power and greed and corruptible seed, seems to be all that there is’ svevar den fantastiske kulturelle arva frå dei som blei frakta frå Afrika som slavar og sleit under forferdelege kår. Her heime brukte Lillebjørn Nilsen mykje av same grepet når han viste fingeren til det politiske ytre høgre i songen “Språkets Poesi” frå 1988:

“Det går en mann i Oslo’s gater, han er kjent og lett å se, han er ansatt i kommunen, for å plaffe duer ned, om det var alt han gjorde, var det ikke mer å si, men det triste med den mannen er hans mangel på poesi, når han går til sitt arbeid med sammenknepet munn, da svever Kolbein Falkeid, høyt over Haugesund”.

Nobody can sing the blues like Blind Willie McTell.

Diskrimineringa av afro-amerikanarane  er eit tema Bob Dylan fleire gonger har vore innom bl.a. i songar som “The Lonesome Death of Hattie Carroll”,  “Oxford Town”  og ikkje minst “Hurricane”, om den farga boksaren Rubin Carter. Her finn me tekstlinjer som explisitt seier at rasismen strekker seg longt inn i det amerikanske rettssystemet.  

“Blind Willie McTell” er meir subtil enn dei 3 såkalla protestsongane frå tidlegare i Dylan si karriere.  Mange tekstlinjer opnar for ulike tolkingar.  Når han syng “There is a chain gang on the highway” er det lett å sjå føre seg afro-amerikanarar på straffearbeid som bygger ein eller annan veg, men dersom du meiner at denne lenkegjengen er Bradley Manning, Julian Assange og Edward Snowden er det ingen som kan seie deg imot. Slik blir songen universell og tidlaus, og ein kan seie at det er all urett og smerte i heile verda forteljaren ber i seg når han kikkar ut vindauge frå hotellet:

I’m gazing out the window of the old Saint James Hotel and I know no one can sing the blues like Blind Willie McTell  

Advertisements

3 thoughts on “Ein Blues for Willie McTell; Ei musikalsk reise i den brunfarga myra

  1. Det er riktig at man kan si at borgerkrigen på et vis ikke handlet om slaveriet, den handlet om hvor makt som skulle samles på føderalt nivå. Men grunnen til at det ble krig var en frykt fra sydstatene om at en slik sentralisert makt skulle benyttes til å oppheve slaveriet.

    Og om Lincoln og sleveriet: Dette er fra Lincoln i 1854:

    This declared indifference, but as I must think, covert real zeal for the spread of slavery, I can not but hate. I hate it because of the monstrous injustice of slavery itself. I hate it because it deprives our republican example of its just influence in the world—enables the enemies of free institutions, with plausibility, to taunt us as hypocrites—causes the real friends of freedom to doubt our sincerity, and especially because it forces so many really good men amongst ourselves into an open war with the very fundamental principles of civil liberty—criticising the Declaration of Independence. . . .

    Hentet fra denne artikkelen: “Getting Lincoln Right”

    https://www.theobjectivestandard.com/issues/2014-summer/getting-lincoln-right/

    Like

    1. Ja, Martinsen, Lincoln følte seg kanskje tvungen til å seie ein ting offisielt som president, mens han privat tenkte og sa noko anna. Ettersom borgarkrigen drog ut i tid var der vel også ei frykt for at England og Frankrike skulle entre krigen på sørstatane si side. Ser at nokre historikarar meiner at dette fekk Lincoln til å gå fullt inn for opphevinga av slaveriet. Og for all del: utan slavane ville den økonomiske ryggrada falle ut av ‘the deep south’. Takk for tilbakemeldinga, og takk for at du peika på theobjectivestandard for meg:)

      Like

  2. Takk for tilbakemelding.

    La meg si to ting:

    1) Sitatet fra Lincoln er fra 1854, som vel var før han ble president. Artikkelen sier dog følgende: “To the degree that Lincoln was silent about slavery prior to 1854, it was because he (too complacently) thought slavery had been contained and might be on a path to extinction. As Lincoln properly recognized, the notion that majority will could alienate an individual’s rights—could turn men into the property of other men—was antithetical to the essential principles of the founding. What spurred him into eloquence and action was the horrifying realization that many of his fellow Americans might no longer believe that to be true.”

    2) Alexander Stephens, konføderasjonens visepresident, uttalte følgende under konvensjonen i Georgia 21/3-1861 (The Georgia Secession Convention): “Our new government is founded upon exactly the opposite idea [from abolition]; its foundations are laid, its cornerstone rests upon the great truth that the negro is not equal to the white man, that slavery—subordination to the superior race—is his natural and normal condition.”

    Liked by 1 person

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s