Kortreist tur; Grytenuten

Du har ikkje sett Ryfylke før du har vore på Grytenuten.  Slik er nå det.

RIMG4551red1a

Grytenuten er ein fjelltopp som strekkjer seg 862 meter over havet.  Den ligg i Suldal kommune i Rogaland i den regionen som gjerne blir kalla Ryfylke.

Mellom Marvik og Hebnes på Ropeidhalvøya ligg det ein bortgøymt og idyllisk liten stad som heiter Vatlandsvåg.  Skal du til Grytenuten går du herifrå.  Du bør rekna 3-4 timar opp -og distansen skal vera målt til omlag 5km.

RIMG4570red1a

Frå Sandsfjord bru via Marvikjuvet ser me etter kvart det svære fjellmassivet som Grytenuten skal vera toppen av.  Det ser høgt ut, og det ser bratt ut, og første tanken som dukkar opp er at det vil vera ugreitt om stien går opp der.

Men det gjer den.  Det finn me snart ut.

Bilen kan lett parkerast på sida av grendahuset i Kjølvik, like bortanfor Vatlandsvåg.  Herifrå er vegen til toppen skilta og første delen går på ein grusveg der det ikkje er lenge før første grinda.

RIMG4518red1a

Vegen slyngar seg vidare oppover, forbi eit lite steinbrot, og ikkje lenge etter at me for alvor har begynt å lika utsikta som syner seg mellom trea, svingar ruta vår av frå traktorvegen, og me følgjer ein godt merka sti vidare mot toppen.  Denne første delen av stien er den hardaste delen av løypa, og du møter slik anslagsvis ein kilometer med bratt oppover.  Dette er staden for å legga att sveitte.  Mange stader vil du finna at turen til Grytenuten er skildra som krevjande.  Då er det denne delen av løypa dei tenkjer på.

RIMG4528red1a

Men, når du er blitt skikkeleg varm og er blitt skikkeleg tørst og har drukke tom vassflaska i tursekken, då dukkar Krokavatnet opp med heile sin idyll. Kvifor det har fått namnet sitt skal du få finna ut sjølv, men du skal vita at vatnet ligg på 560 høgdemetrar og fortel forbipasserande at dei tyngste stega nå er gjort og at du i tidsbruk er omlag halvvegs.  Skal det vera ein matpause og ein liten kvil, kan det like godt skje her.

RIMG4533red1a

Resten av turen til toppen er kos.  Stien går over nokre myrar, men held seg mest på berg, og merkinga er så bra at det aldri er nokon som helst tvil om kor ein skal gå.  Utsikta blir betre og betre, og når me passerar Nutatjørna og tek siste stega opp mot varden, og dette 360 graders panoramaet opnar seg i all si prakt, tenkjer ein at dette går det ikkje å fortelja om.  Dette må opplevast.

RIMG4548red1a

Du har ikkje sett Ryfylke før du har vore på Grytenuten.

Utsikta er ikkje det einaste som er spesielt på denne kanten av Ryfylke.  Nedunder fjellet mot Vatlandsvågen ligg Grytevatnet, kalla “Grytå” av dei lokale.  Innover på vestsida av “grytå” veks trea opp-ned.  Så er nå det òg sagt.

RIMG4564red1a

 

Dersom du vil prøva deg på ein alternativ nedtur kan du halda deg litt lenger nord enn den merka løypa frå Krokavatnet.  Då følgjer du ein anleggsveg ned til  eit minikraftverk og deretter ein traktorveg ned til Grytevatnet.  Ovanfor minikraftverket heng det eit lite skilt der du blir anmoda om å vera med å auka straumproduksjonen.

RIMG4562red1a

Advertisements

Kortreist tur; Dagen rundt Øvre Tysdalsvatnet

Øvre Tysdalsvatnet ligg i det området som gjerne blir kalla Ryfylke.  Då snakkar me om Rogaland, og kommunen heiter Hjelmeland.  Øvre Tysdalsvatnet er om lag 12 kilometer langt og på det breiaste måler me 1 kilometer.

øvre tysdalsvatnet1

Vest av vatnet ligg Valheim og i nordaustre enden ligg Trodlatysdal.  Utanom i endane er vatnet ramma inn av stupande fjell  og høgast av dei er Keipen som ligg opp søraust av Trodlatysdal og strekk seg mot 900 moh.

Andre toppar rundt vatnet er Nonsfjellet (832m) Mulafjellet (782 m), Harahaugen (756m) og Tverrgjøvle (692m).

Fjella stuper bratt ned i vatnet og gjer det umuleg å ta seg fram langs vasskanten.  For å komme rundt er det ikkje anna råd enn å ta seg ein omveg her og der.

Men som han sa, diktaren:  Det er omvegane og sidespora som gjer livet rikare.

Frå heimbygda mi, Årdal, viser kartet ein naturleg inngong til rundturen på nordsida av vatnet gjennom Bønardalen. Her kan ein følgje ein grusveg dei første kilometrane og etterkvart ein god sti inn langs Kaldavatnet mot Saupstølsheia.

RIMG4456redbruk4

Dette er sommaren 2017.  Regnsommar så det heldt.  Tanken om denne turen har vore med meg i fleire år, og nå ville eg ikkje utsetja meir.  Då endeleg min ven, meteorologen, melde om sol, blå himmel med ei og anna godvèrssky -var det ingen tvil; endeleg skulle det skje.

Så sjølvsagt, då turten startar tidleg morgon ligg skyene tungt nedover fjella rundt, og dei er slett ikkje skremde frå å senda ei og anna lita regnbyge med jamne mellomrom.

RIMG4458bruk5

Etter Kaldavatnet og Svartavatnet kjem eg inn i stølsområdet mellom bygdene Hjelmeland, Vormedalen og Årdal.  Vasstøl, Solheimstøl, Undestølen og Brunstøl er namn som kling av sauebjøller, blåbær og molter, og då eg kjem til Storsteinen bryt jammen sola seg fram gjennom skylaget og følgjer meg til Helgaland og vidare ned mot Trodlatysdal.

RIMG4473bruk7

Her kjem ein inn på turvegen mellom Kleivaland og Trodlatysdal.  Denne vegen er ein av dei meir kjende i området og blir brukt av mange som går til turiststasjonen i Trodlatysdal.

RIMG4488bruk9

Øyefossen er litt av eit syn etter ein slik nedbørstung summar -og dommedagssteinen som heng over stien her får eg ei kjensle av at har flytta litt på seg sidan sist eg såg den, men det kan vera noko som eg innbillar meg.

RIMG4487bruk9

Frå startpunktet i Bønardalen til Trodlatysdal reknast  5 timar og det passar rimeleg bra på klokka.  Turen vidare går langs elva Tussa mot Tengesdalsvatnet før stien svingar sørover opp Tverrlia og Mågåbakkane mot Mågåvassheia og Viglesdalsheia.

RIMG4495bruk9

Dette er ein del av løypenettet til turistforeningen og bind saman turisthyttene i Trodlatysdal, Viglesdalen og Stakken.  Nå har ikkje eg gått alle løypene som turistforeningen har merka med sin raude T, men kan ein våga seg frampå med ein påstand om at dette må vera den brattaste av dei alle?

Ein lett ryggsekk, og at det er kjetting og tau i dei tøffaste partia er ei god hjelp, og takk og pris for at turen går oppover, og ikkje ned.

RIMG4498bruk10

Med utsyn over Tengesdalsvatnet seier sola takk for seg, og lågtrykksskyene som har lagt i kø heile sommaren byrjar atter ein gong å dominera vèrbilete.

På sørsida av Øvre Tysdalsvatnet er den den barske og trolske naturen som dominerar.  Borte er kulturlandskapet prega av år med stølsdrift, og raudmåla steinar er eigentleg nå alt som syner at her har vore folk før meg.

RIMG4509bruk11

Planen er nå å gå over til Viglesdalssida av Hiaheia, følgje øvre kanten av fjellsida forbi Kvitaråsa og Risen for så å kryssa over mot Øvre Tysdalsvatnet att og gå ned til Tverrgjøvle, og derifrå  til Nes eller Riveland.

RIMG4510bruk12

Og det er der og då at vèrgudane vil spela meg eit ekstra puss.  Ei skodde, tjukk som graut, som det heiter, kjem sigande og bruker ikkje meir enn knappe tida på å leggja seg over folk og hei.  Sikt og utsyn forsvinn og er ein for sein med å setje kompasskursen er det fort gjort å gå feil.  Dette var lærdom ein kunne gjera seg i fjellet denne dagen.

Det er allereie lagt att eit par timar ekstra i oppstigninga frå Trodlatysdal og når 2 timar til får passera i skoddegrauten rundt Lomatjørnane utan noko som helst framdrift,  seier det seg sjølv at kvelden kjem før den eigentleg skal.

Skodda lettar i 5 minutt for å visa kor eg er; nemleg mykje nærmare Keipen enn ein burde vera på denne tida av døgnet -og då har ein kanskje nok dagslys att til å kome seg heim, eller kanskje ikkje.  Uansett;  kanskje er eit nøkkelord her, og når skodda legg seg att, endå tjukkare enn før, og det dukkar opp ein liten hidler med steintak framføre meg blir freistinga for stor.

Kan ein seia noko positivt om å sova ute, i skodda og med regn i lufta, med ein stein som tak, med sitjeunderlaget som liggeunderlag, i ein tynn fleece som er einaste skifte for den våte ulltrøya?

Klart ein kan.  Det skal til dømes bli veldig lenge til ein klagar over ei vond seng.

Idet det lysnar av morgon er skodda vekk, og det er ein snau 2 timarstur til Nes via Tverrgjøvle.  Det som skulle vera dagen rundt Øvre Tysdalsvatnet blei dagen og natta rundt, og fleire gonger grip eg meg sjølv i å tenkja over kva eg skal gjera annsleis når eg går turen neste år.

27. oktober 1962; dagen då Arkhipov redda oss alle

Dersom du blei født før 27. oktober 1962 skal du vite at Vasili Alexandrovich Arkhipov redda livet ditt. Me snakkar om den farlegaste dagen i historia.

Cuba-krisa på byrjinga av 60-talet har du høyrt om. Du har også høyrt at verda sto ovanfor full atomkrig. Den kalde krigen var aldri varmare enn då.

Avgjerda om ikkje å starta 3.verdskrigen blei ikkje tatt i det kvite huset i Washington, eller i Kreml. Den blei tatt i kontrollrommet til ein B59 ubåt tilhøyrande den sovjetiske marinen.

Soviet-B-59-Submarine

Sjølv om ubåten var i internasjonalt farvatn var den lokalisert av amerikanarane som starta sleppe synkebomber for å tvinga den til overflata for identifisering. I ubåten hadde dei ikkje høyrt frå Moskva på fleire dagar og mannskapet ombord visste ikkje om krigen var i gong eller ikkje. Kapteinen, Valentin Savitsky, antok at krigen hadde starta og ville skyte ut ein torpedo med atomstridshovud. Den såkalla politiske offiseren Maslennikov var enig, og gjeldande protokoll ombord sa at då skulle det fyrast. Det hadde dei også gjort om det ikkje var for vår mann Arkhipov. Han klarte å få overtala dei andre to til å gå til overflata og avvente ordre frå Moskva. Det høyrer med til historia at sjølv om Arkhipov var nestkommanderande ombord, var han kommandør for den sovjetiske ubåtflåten. Dette gjorde at hans ord til slutt blei tatt til følge, og me kan berre tenke oss kva som hadde skjedd dersom Arkhipov ikkje hadde vore ombord den dagen.

Arkhipov blir sjeldan omtala i vår del av verda. Det står ingenting om han i skulebøkene. Han sto på feil side i konflikten. Me har våre krigsheltar.

Thomas Blanton, som var direktør for the National Security Archive i Washington DC, sa i 2002 at ” a man called Vasili Arkhipov saved the world”

Og det var kanskje akkurat det han gjorde. Den største helten av alle.

Vasili Alexandrovich Arkhipov døde 19. august 1998.

Er me alle Tutta?

Me er alle Tutta. Skreiv diktaren. Tutta er Suzann Pettersen, golfspelarinna. Me er ho. Alle saman. Trudde eg. Tenkte eg. Diktaren er ikkje langt frå å vera den av dei nolevande i vårt land som eg set høgast. Det er ingen som kan formidla klokskap som han. Ingen som kan peike på det norske samfunnet slik som han og seie at slik er det. Og han skreiv eit essay om Tutta og golfsporten. Eg las det for nokre år sidan. Dette er eg samd i, tenkte eg. Kvart einaste ord av det.

Golf er ein tullesport. Ein liksomsport. Ein sport som ikkje er nokon sport.

Golspelarane har ein caddie, ikkje sant? Caddien er den som ber utstyret. Og den som golfspelaren skuldar på dersom ho taper. Når Tutta taper sparkar ho caddien.

Caddien er ein raudvinsskjerpa som skal få arbeidsgivaren sin fram til hol 18 utan frostskader. Seier diktaren.

Dei lataste av golfspelarane kjører rundt på bana i ein liten bil. Dei gidd ikkje eingong å gå.

Og, seier diktaren, Noreg er blitt som Tutta; ein blond og bortskjemt jentunge som reiser verda rundt i rutete bukser som ikkje må skitnast til.

Han seier meir om Noreg og golfsporten: Noreg er eit land som kjører liten golfbil over nyslått plen, som legg seg ned og grin kvar gong vi bommar på putten. Noreg har alt det beste golfutstyret, men sutrar likevel over at ballen stadig hamnar i høgt gras eller nedi bunkeren.

Og får me ikkje dei pokalane me meiner me har krav på, ja då sparkar me caddien. Slik er Noreg. Seier diktaren.

Og eg var så samd i dette. Heilt til eg las om serieskitaren frå Stavanger som i 10 år har brukt dei 18 (eller kor mange det er) hòla på Stavanger golfklubb sin bane som toalett.

Så flott, tenkjer eg. Me er ikkje alle Tutta. Og neste gong eg ser ein golfbane…

10 musikalske piller for haust og vinter

Ein sommar er over, men minna om den består…ei lita stund.

Så, før du veit ordet av det, er hausten der med sine svarte penslar. Malar opp ein mørk himmel som du veit kan bli hengande over deg eit halvt år. 6 månadar med skrekk og gru og tungsinn. Og når denne erkjenninga har sett seg, kjem vemodet; hardt og svart som ein ishockeypuck som treff deg i leggen. Eller i leppa.

Det er då eg kan hjelpa: ein boks med ti musikalske piller som du kan henta fram og suga på når det trengst, og det gjer det. Ofte, eller titt, som er det ordet eg liker best. Eller titt og ofte, som ein også kan seia.

Nå skriv me oktober, som det heiter, og det betyr at du har ingen tid til å førebu deg. Dette er kva eg vil du skal stappa i boksen:

10.Neil Young, Shots

Album: Re-actor

Det såkalla 80-talet fòr ikke heilt fint med Neil Young, eller kanskje det var motsett?   Uansett, denne er frå 80-talet og så styggvakker som dette er det berre Neil Young som kan vera.

Når hauststormane kjem ulande rundt nova, kan du bruka denne til å skrema dei vekk med.

9.The Rolling Stones, Time Waits For No One

Album: It’s Only Rock’n Roll

Etter å ha gjeve ut Let it Bleed, Sticky Fingers og Exile on Main Street, som alle står som royalimpregnerte hesjestaurar i musikkhistoria, var det på ein måte ikke muleg å få kritikarane med på at dei kunne koma med ei fjerde plate som ein kunne skryte av. Synd, for dette er den beste av alle.

Brian Jones(60-talet) og Mick Taylor(fyrste halve 70-talet) var genia som skapte The Rolling Stones. Historia vil ha det til at Taylor var med på å skrive Time Waits For No One, men at han aldri blei kreditert for jobben. Dermed var det Taylor ut av bandet og Ronnie Wood inn, og The Stones blei aldri meir det same.

Denne gjer at du held motet oppe sjølv når rimfrosten dekkjer landet i midten av oktober.

 

8.Jackie Leven, Men In Prison

Album: Forbidden Songs of the Dying West

Blir du ikke melankolsk av denne, blir du det aldri. Fantastisk song, fantastisk mann.  Lurt å spela den når du vaknar av at regn og hagl piskar mot ruta, og du veit at du ikkje får sova meir den natta.

 

7.The Only Ones, Counterfeit Woman

Album:  Remains

Det er denne gitaren som etterkvart stel heile songen og stikk av. Du blir hengjande med, anten du vil eller ikke.  Fungerer best når du treng å få fjerna fokus frå veker med samanhengande barfrost.

 

6.Warren Zevon, Desperadoes Under The Eaves

Album: Warren Zevon

Kan eg prøva meg på å formulera eit av populærmusikkens store mysterier med eit spørsmål: Kvifor er Bruce Springsteen kjend over heile verda, mens Warren Zevon ikke er det?

Tilrår at du set på denne når snøen ligg tjukk på taket, og så let du tankane flyte avgarde til solrike California.

5.Bill Morrissey, Birches

Album: Night Train

Den flottaste visesongaren som har kome utav Amerika, og her er spørsmålet er om ein skal fyra med bjørk eller eik.  Kanskje er Birches den tristaste songteksten som er laga, kanskje den gladaste. Eg klarer aldri å bli samd med meg sjølv om det. Og kvar gong eg høyrer den, tenkjer eg av ein eller annan grunn på Janis Joplin.

Fyr i peisen, set deg i godstolen med ein kopp grøn te, og spel denne. Levande lys er heller ikkje dumt.

4.Bert Jansch, Caledonia

Album: Crimson Moon

Tenk kor mykje meir fredfull og harmonisk verda hadde vore dersom alle høyrde på Bert Jansch ein gong iblant. På Caledonia hyllar Jansch heimlandet sitt, Skottland.

Denne passar perfekt dagen før vinteren må gje tapt for våren.

3.Tindersticks, Slippin’ Shoes

Album: The Something Rain

Sære og nydelege Tindersticks. Velkommen til deira fantastiske verd. Det er alltid noko uventa og spennande i songane til Tindersticks. Alltid.

Denne kan brukast til å dansa vinteren vekk.

2.The The, Heartland

Album: Infected

Snålt namn på denne gruppa. Men musikken er fantastisk. Matt Johnson, som eigentleg er The The, har ein stemme som smyg seg innpå deg frå alle kantar, og ingen av songane smyg seg flottare enn Heartland.

Denne kjem litt ann på; Dersom du stiller deg bak den politiske bodskapen kan du godt bruka den som julasong.

1.The Triffids, Save What You Can

Album: Calenture

Australske The Triffids kom på bana med flotte Born Sandy Devotional i 1986. Etter det kom like flotte In The Pines og deretter perla Calenture, før dei drog inn årene og la båten i støa etter ikkje så flotte The Black Swan. David MacComb syng melankolsk og vakkert, og på Save What You Can grip han deg longt inn i hjarterota:

If you cannot run then crawl, if you can leave, then leave it all. If you don’t get caught, then steal it all, steal it aaaaall.

Bør spelast dagleg frå no og ut april.

Live and in Person; a kind of treasure map to Dylan’s field recordings

You may say it all started at a hairdresser’s in Stavanger, Norway. At least, I will say that. It must have been back the late 80’s, and in those days I still had hair on my head to bring to the salon. Still, I think I fancied the Girl working there more than I actually cared about getting a haircut.

Anyway, I was in the chair listening to the scissors cut, when a song on the radio caught my attention. The singer sounded both familiar and distinct, and I knew the voice, but was not able to produce  his name. It started, however, a conversation with the hairdresser. She liked the song too. Who is that man?

The singer was of course Bob Dylan and the song lighting up a gloomy Stavanger day was ‘Man in the Long Black Coat’. The ‘Oh Mercy’ album was just released, and I was to be kept busy for the years to come.

Not that Bob Dylan was in any way new to me. We’d sung ‘Blowin’ in the Wind’ at school, and a friend of mine played ‘Street Legal’ repeatedly in his car, but I had no recordings in my possession. Even though my collection was getting fairly big at the time, listing Bruce Springsteen, Steve Harley, Jethro Tull and the Rolling Stones among others.

That haunting voice within that exciting sound made me leave the hairdressers with one thought in my head: to get as many Dylan records as I could afford from the record store. Luckily, most of them had the ‘nice price’ label, and soon I kept an almost complete Bob Dylan collection in my belonging.

I soon picked my favorite songs and records, read a lot of books on Dylan, and thru the years travelled to see him a lot of places. And I started to collect ‘field recordings’, and this is where I found the real genius of Bob Dylan. Away from the recording studios and the brightest spotlights; that’s where the most shining treasures are kept.

So, during the year of 2015 I have been organizing the best of these treasures for an IPod playlist, and just to let you know; these are my chosen ones:

  1. Searching for a Soldiers Grave; Spokane, October 5, 2001

Bob’s first show after 9.11 took place in Spokane, and the first four songs are nothing but heartbreaking: ‘Wait for the light to shine’, ‘The Times They Are A ‘Changing’, ‘Desolation Row’ and in the fourth slot; ‘Searching for a Soldiers Grave:

You ask me, stranger, why I made this journey Why cross three thousand miles of rolling waves Like many others, my love was killed in action That’s why I’m here, I’m searching for his grave.

My favorite song from one of my favorite shows, and I can’t listen to it without crying for all the good people we lost.

  1. Highway 61 revisited; Motril, July 10, 2004

Always a live favorite. Apparently unstoppable, and this evening in Spain the band puts even more energy into it than usual. And the song is for Robert Johnson. I think everyone should know that.

  1. Mama You Been on My Mind; Wilkes-Barre, November 1, 1992

-Selected for exceptional performance quality, it reads on the sleeve notes ,explaining why this is in my compilation. Exceptional indeed.

  1. Love Minus Zero/No Limit; Toronto, December 1, 1975

Solo. A man and his guitar. Performing like this is what Bob Dylan does far better than anybody else. From the legendary ‘Rolling Thunder’ tour.

  1. Million Miles; New York, January 21, 1998

Bluesy, swampy, jazzy. Filled with heart and soul. This band! This groove! This wonderful year of 1998.

  1. Song for Woody; Berlin, July 5, 1990

Not often on the set list ,and nowadays it has disappeared altogether. Still, you will not find a sloppy version anywhere, and the very best is this from 1990.

  1. Forgetful Heart; Orange Beach, Alabama, July 31, 2009

From the wonderful ‘Together Through Life’ album. Suits Dylan’s voice perfectly. And it’s such a dark and lovely song.

  1. Shooting Star; Oslo, October 13, 2003

Bob pretending to be Tom Waits, singing with a voice more than hoarse, and a piano punk attitude. And it works brilliantly.

  1. Boots of Spanish Leather; Glasgow, June 21, 1998

These lovely acoustic numbers of 1998 is topped by this.

  1. Slow Train; Foxboro, July 4, 1987′

Bob camping with the Grateful Dead in 87 deserves much more credit than given. This short tour produced some awesome stuff, and the very best is this from independence day.

  1. It Takes a Lot to Laugh; Woodstock, August 14, 1994

1994 is like a brand new start. Bob has sobered up, is back on top of his songs and can again deliver coherent, solid shows. From now on he never looks back. Woodstock 94 is brilliant, and when doing ‘It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry’ the whole band is on fire. And listen to the singing. Bob Dylan is such a great blues singer.

  1. Visions of Johanna; Philadelphia, June 21, 1995

The most relaxed version of ‘Visions’ there is. And I can listen to it all day. I’m told to be a relaxed person. Maybe listening to this MAKES me a relaxed person.

  1. Just Like a Woman; London, May 27, 1966

This song is accused of being both sexist towards women in general, and a nasty put down of a former lover. Maybe it is, but from the stage in 1966 Bob lifted his words far above any such discussions. This performance is art alongside Shakespeare, Leonardo da Vinci and Miles Davis. Timeless. And done by a man in his early twenties.

  1. Tomorrow is a long Time; Berlin, May 23, 2000

Beautiful. Just beautiful. Listening to this brings peace to your heart and peace to the world.

  1. Girl from the North Country; Sydney, February 24, 1986

Bob alone on stage with his guitar and harmonica. Breathtaking to the limit of survival, and sung and played in a way that brings out all the melancholy resting in the years gone by.

  1. Don’t Think Twice, It’s All Right; Oslo, April 7, 2002

Well, it is number one, so it must be the best, right? I was there in Oslo when Bob pulled this one out, and it still gives me the shivers just to think about it. It’s a break-up song, all right, but the way this great song this time is sung and spoken and whispered, I have for the first time come to realize that the man is the one being hurt. It usually is, I guess…

Noregs vakraste tur; frå Hellestø til Brusand

Målet står klart: det er å gå frå Hellestø til Brusand på 2 dagar. Dei som skal prøva er ein ungdom i sin beste alder på snart 12, og ein eldre herre som har passert 50 med god margin. Begge er litt over gjennomsnittleg trent i høve til alderen sin.

Der me ikkje skal gå -vil me reisa kollektivt, og når ruta frå stavanger sentrum til Hellestø blir plotta inn i busselskapa sine datasider, får me melding om å ta flybussen til Sola, Jaerlines (ja, dei skriv det slik) frå flyplassen til Tjelta -og gå derifrå. Det betyr 2 ekstra kilometer, og me er oppe i 47 km til saman. Det begynner å høyrast langt ut. Og du må ikkje gløyma at me skal bera telt, soveposar, liggjeunderlag, litt ekstra klede, mat for to dagar og litt ekstra utanom det. Den eine ryggsekken begynner å likna eit monster og argumenta som tilseier at ungdomen bør bera den fører ikkje fram.

Me er i gong. På sand. I sol. Og ein frisk bris inn frå vest. Hellestøstranda, som vel eigentleg heiter Bybergstranda. Båtmannsvika. Nordre og Søre-Tangen. Sele båthavn. Lunch. Endeleg pause. RIMG0878 Med sjømerke på toppen av Tangarhaug i synet blir det snart poengtert av ungdomen at me kan ikkje sitja her heile dagen. Så på med sekk og avgarde med oss. Kvila kan me gjera ein annan gong, får eg høyra.

Ei hengebru tek oss over Figgjoelva, og framføre oss ligg den laaange og flotte Borestranda. Me går og går og går utan å bevege oss noko særleg, så lang er stranda. Greitt nok det. Ingen som er trøytte. RIMG0901 Me rundar snart hjørna av landet, Revtangen, ein stad ofte besøkt av både ornitologar og istidshistorikarar. Staden er eit navigasjonspunkt for trekkfuglar, samt den eldste endemorenen me har i Noreg. Hadde me vore 15000 år tidlegare ute( eller kanskje 15000 år seinare) ville me vore på iskanten.

Det ligg eit gardsbruk like nord for Reve. Det heiter Hodne. Gammalt ord for hjørne.

Då me har kome rundt hjørnet ligg Revesanden og snart Orre framføre oss. Utan å sjå noko til korkje spekemennene eller andre spøkelse, passerer me friluftshuset og kjem til Orreelva. Den stiller oss spørsmålet om me skal vassa over der me er, eller gå ein liten ekstra kilometer opp til brua ved Nordsjøvegen og ned att.

Svaret vårt blir at me vassar. Kryssar elva i underbuksa med tunge sekken på ryggen. Barfot på glatte og kvasse steinane. Det er i slike stunder ein blir tvungen til å tenkja at dette kjem aldri til å gå godt. Men det gjer det faktisk.

Etterkvart passerer me Vik og Skeiekanalen. Når me kjem til flyplassen ymtar eldstemann frampå om at kanskje dette er nok for i dag. Me plantar teltet diskrè i utkanten av Skeieskogen, og det er tid for ein velfortent kvil med innlagt grilling av pølser på bål og bading i ein sjø der ordet iskaldt skildrar det meste.

Neste morgon har den friske brisen frå vest også tatt ein kvil. Skeiestranda møter oss med solskin, vannflata lik ein spegel, med korsong frå sjøfuglane, og ei herleg luft innblanda tare og salt sjø. Klokka er 0730. Det er på tide å gå. RIMG0946 Det første me gjer er å gå inn i ein ny kommune. Me begynte i Sola. Mesteparten av gårsdagen var me i Klepp. Nå Hå. RIMG0942 Over Salteåna, forbi Nærlandssanden. Me går opp forbi Thiisahuset, eit av dei finaste jærhusa.

RIMG0952

Snart er me ved den karakteristiske hengebrua over Håelva som tek oss til Hå Gamle Prestegard. RIMG0954 Flotte skilt og blå pålar viser oss vegen vidare sørover, og idet me opnar grinda til kongevegen ser me brennevinshola like nedføre oss. Jærstrendene manglar ikkje dramatiske historiar. Me har allereie nemnd dei 4 spekemennene på Orre som historia seier skal ha forårsaka skipsforlis, røva skipet og drept mannskapet, bortsett frå ein som klarte å gøyma seg. Han varsla lensmann og dei 4 mennene frå Orre blei hengt for udåden. Etterpå har spekemennene, som dei vart kalla, spøkt for folk i området. RIMG0950 Brennevinshola har fått namnet etter 2 historier frå 1700- og 1800- hundretalet der det skal ha vore tatt brennevin i land ulovleg. Mange som då gjorde ting dei ikkje burde, deriblant presten, vistnok.

Frå Hå Gamle Prestegard siktar me mot Obrestad fyr som ligg dominerande i landskapet. Den eldste i turfølget prøver å fortelje den yngste at her går me i eit landskap av kultur og fornminne som på mange måtar er unikt i landet. Obrestad kan ein lesa om i kongesagaene. Olav Tryggvason si mor skal ha kome herifrå. Dei eldste gravfelta i området kan daterast tilbake til 300 e.kr. RIMG0963 Den opprinnelege kongevegen på jæren som oppsto på 1600-talet gjekk frå Obrestad til Kvassheim. Når turstien me følgjer har fått same namnet er det for å minna oss på at her er me på historisk grunn så det held. RIMG0961 Likevel, verkeleg inntrykk gjer ikkje skravlinga mi før me kjem til Obrestad havn, og eg viser staden der det låg ein hoppbakke der ein på 1930-talet hoppa like langt som i Holmenkollen. 3 og 4 000 tilskodarar kunne det koma.

Området rundt hamna blei viktig for tyskarane under 2. verdskrigen. Dei reiv stillaset for ovarrennet, og sørga slik for at mekka for hoppsport i Noreg blei Holmenkollen og ikkje Obrestad. I dag veks ein liten skog der unnarennet i hoppbakken var.

RIMG0970

Me fortset turen over tyskarane sitt spesielle steingjerde i Honnadalen, forbi Sør-Reime og Grødaland. Då me passerar Bodle startar me å kikka etter Varhaug Gamle Kyrkjegard. Ein meiner det skal ha vore 3 forskjellige kyrkjer her oppigjennom tidene. Ei kyrkje bygd i 1620 skal har blitt riven av Pilt-Ola frå Songesand i 1828. Han sette opp ei ny. Ei såkalla Linstow-kyrkje. Den blei riven i 1905 då sentrum for Varhaug blei flytta innnover i landet og ei ny kyrkje blei sett opp der. I dag står her eit lite kapell. RIMG1000 Me har ein lengre pause like ved kyrkjegarden. Me høyrer vinden har byrja å ta seg opp att. Me kjenner historia sitt sus rundt oss. Religionen, livet, havet og evigheita. Og me begynner å kjenne kilometrane i beina. På vegen mot Madland hamn blir stega meir og meir av eit slit, metrane lengre og sekkane tyngre. Klokka går fortare, og dei små drikkepausane kjem oftare. Då me nærmar oss Hårr er det at me i full semje endrar Brusand til Vigrestad. Me kryssar riksvegen like nord for Hårrelva, går opp til klyngjetunet og følgjer ein smal bilveg derifrå austover til Vigrestad jernbanestasjon. For som me sa for å overtyda kvarandre om at me gjorde det rette: ein så flott tur kan ikkje ta slutt. Nå har me 3-4 kilometer til gode. Nå ligg turen frå Kvassheim til Brusand og ventar på oss. Der kan me gå kva tid som helst. RIMG1014 Me møtte ikkje mange på turen. Det var merkeleg sidan det var både ferietid og solskin. Me såg heller ingen som sto klare for å tena pengar på oss. Me passerte ingen butikk, ingen kiosk, ingen næringsverksemd som såg på oss som kunder.  Derfor er ikkje dette ein tur det blir brukt mange ressurser på å spreia reklame for. Heldigvis kan me seie til det. På same tida som dette er ein tur me vil tilrå heile, eller delar av, til alle. Me møtte ikkje mange, men ein av dei me traff sa at jærstrendene er Noregs vakraste tur.  Ein tur for hjerne og sjel.  Han har sikkert rett i begge deler.RIMG0962